Nytt responssenter for tryggheitsalarmar
Måndag den 3. juni får Haram nytt responssenter for alle tryggheitsalarmane i kommunen.
careium.no
Fram til no har Haram kommune hatt avtale om responssenter med Telemark Alarmsentral.
Ny leverandør av tenesta vil frå måndag den 3. juni vere Careium Norge AS.
Leverandørbyttet vil ikkje medføre noko endring for deg som har tryggheitsalarm gjennom Haram kommune, det vil framleis vere nokon som svarer om du brukar alarmen din.
Her kan du lese meir om Careium si overvakingsteneste for tryggheitsalarm
Sist endra 30.05.2024 12.43