Om tilskotsordninga
Tilskotsordninga blei etablert våren 2024 i samband med innføring av grunnrenteskatt for landbasert vindkraftverk.
Ordninga skal bidra til at natur blir reetablert eller får betre betingelsar, og til betre friluftslivsmoglegheiter i desse kommunane. Det kan tildelast tilskot i samsvar med gjeldande regelverk for tiltak i den kommunen som vindkraftanlegget ligg i, eller i berørt nabokommune.
Det er Miljødirektoratet som har ansvaret for tilskotsorninga, og i statsbudsjettet er den plassert under Miljødirektoratet under kap. 1420.
Kven kan søke?
Dei som kan søke er kommunar, kommunale eller interkommunale føretak, interkommunale friluftsråd og frivillige organisasjonar.
Som kommunar berørt av vindkraftbygging, meiner ein kommunar der landbaserte vindkraftverk er plassert, og kommunar der friluftsinteresser eller natur blir berørt negativt av landbaserte vindkraftverk som er plassert i nabokommunen.
Korleis søke?
- Søknad skal sendast i Elektronisk søknadssenter;
Gå til Miljødirektoratet - Søknadssenter
- Det er opna for søknader frå den 2. desember, og søknadsfristen er 1. februar 2025.
- Søknader i 2025 blir behandla i samsvar med gjeldende regelverk, og forslaget til budsjett 2025 som er 32,1 mill. kr.
- Innanfor friluftsliv blir det kun gitt tilskot til fysiske tilretteleggingstiltak, samt til informasjonstiltak.