tankevirus.no
Kurset Tankevirus er utvikla av norske psykologar og forskarar, og er meint brukt som førebygging og tidleg behandling av lette til moderate psykiske plagar.
I dette meistringskurset blir negative tankar presentert som ulike tankevirus som kan behandlast med psykologiske vitaminar, og det gir deltakarane moglegheit til å lære teknikkar som kan betre den psykiske helsa.
Kurset har vore eit populært tilbod i heile landet, og det vann Helseprisen i 2016.
Kven passar kurset for?
Tidligare trudde ein at personar med psykiske plagar skilde seg frå ”normale folk”, men nyare forskning har vist at dei same tankeprosessane går igjen i oss alle, berre i ulik grad.
Dette kurset er difor for alle – frå deg som slit med angst eller depresjon, til deg som ønsker å lære meir om korleis psykologi påverkar oss i kvardagen.
Kurshaldarane (f.v.) Elisabeth Leine, Tove G. Haukeberg, Iris Ulvestad ønsker velkomen til Tankevirus-samlingar i HaramMålet med kurset - kva lærer du?
I løpet av dei tre kurssamlingane ønsker vi å gi deg som deltakar
- kunnskap om normalfungering og kor vanleg det er å ha negative tankar. Du lærer at tankar i seg sjølv er harmlause, det er korleis vi reagerer på tankar som potensielt kan gjere oss sjuke.
- kunnskap om det psykologiske immunforsvaret, og om korleis det påvirkar psykisk helse. Du lærer også om korleis du skal ta vare på det psykologiske immunforsvaret ved å lage gode rammer for deg sjølv.
- kunnskap om ulike tankevirus, og trening i å identifisere dei hos deg sjølv.
- kunnskap om at ved hjelp av psykologiske vitaminar kan du lære hensiktsmessige måtar å forhalde deg til tankane dine, slik at du i større grad kan fungere, også i periodar med mykje negative tankar.
Praktisk informasjon
Kurset går over tre samlingar, kvar samling varer i om lag 75 minutt. I haust tilbyr vi to kursrunder:
Veke 39-40
- Tirsdag 23. september kl. 14.00-15.30
- Torsdag 25. september kl. 14.00-15.30
- Måndag 29. september kl. 14.00-15.30
Veke 48 og 49
- Tirsdag 25. november kl 10.00-11.30
- Torsdag 27. november kl 10.00-11.30
- Måndag 1. desember kl 10.00-11.30
Det er 8-10 plassar per kurs, og du bør kunne delta på alle tre kurssamlingane for at du skal ha maksimalt utbytte. Kurset blir halde i Kulturstova på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. Merk at ved for få påmeldingar vil kursa bli avlyste.
Kursa er gratis.
Påmelding
Påmeldinga skjer etter “første mann til mølla"-prinsippet.
Du kan sende e-post med påmelding og/eller spørsmål rundt kurset til ein av kurshaldarane:
Velkomen skal du vere!