Ny betalingsordning for tryggleiksalarm
I desember 2024 vedtok Haram kommunestyre å innføre betaling for tryggleiksalarm, i dei tilfella der tenesta ikkje er gitt som erstatning for helsehjelp. Krav om betaling vil bli sett i verk frå 1. oktober 2025.
Prisen for tryggleiksalarm er i 2025 kr 398,-/mnd, og det blir fakturert for tenesta den 20. i kvar månad. Betalingssatsen blir regulert årleg av kommunestyret.
Skriftleg informasjon blir sendt ut i veke 20-21
Dei som no vil måtte betale for å ha tryggleikalarm, vil få skriftleg beskjed om endring av tenesta og vidare informasjon rundt dette. Informasjonen blir sendt ut i brevsform i løpet av veke 20 - 21, og mottakarane vil få den anten digitalt via Digipost eller som brevpost.
Sist endra 13.05.2025 10.02