Normal drift ved Vatne vassverk

Feilen ved Vatne vassverk er retta, og det er no normal drift og kapasitet ved anlegget.

Torsdag 12.3. opplevde Vatne vassverk forstyrringar i drifta på grunn av eit straumbrot, og abonnentar til vassverket blei oppmoda om å redusere vassforbruket inntil feilen vart retta.

Problemet er no løyst, og anlegget er tilbake i normal drift. Det er sendt ut SMS med informasjon om dette til abonnentane.

Spenningsfeil årsak til driftsproblema

Problema ved vassverket oppstod på grunn av ein spenningsfeil inn til vassbehandlingsanlegget.

Anlegget har UPS (batteri-backup) og nødstraumaggregat som sikrar drifta ved nettutfall. Ein sikkerheitskrets på brannvarslingsanlegget gjorde at nødstraumaggregatet stoppa i løpet av ettermiddagen i går. Dette førte til at vi ikkje fekk produsert vatn.

Nettstraumen var tilbake ved anlegget seint i går kveld, og vi har hatt normal drift etter dette. Det er sett i verk tiltak for å hindre at same feil skal oppstå igjen.