Normal drift ved Vatne vassverk - kokevarsel oppheva

Kokevarselet for abonnentar til Vatne vassverk og Grytastranda vassverk er no oppheva.

Oppdatering søndag 26. juli klokka 12.00

  • Laurdag 25. juli vart det tatt vassprøver frå eit utvida antal prøvepunkt. Med unntak av eit lavt utslag med koliforme bakteriar på Vadset, er alle vassprøvene reine.
    Dette gjer at vi opphevar varselet om koking av drikkevatn til abonnentar til Vatne vassverk og Grytastranda vassverk frå søndag 26. juli kl 12.00.
    Abonnentane har fått melding om dette via SMS. 

    Du finn meir informasjon om vassprøvene lengre nede i artikkelen.
     
  • Utspyling av hovudleidningsnett er utført. Vi anbefaler då å tappe ut av eige leidningsnett i bustaden, sjå informasjon lengre nede i artikkelen.
     

Resultat av vassprøver

Laurdag 25. juli vart det tatt vassprøver på følgande lokasjonar: Vatne vassbehandlingsanlegg, Angelsneset, Hovset, Eidet omsorgssenter, Vadset, Slyngstad, Vatnedalen, Uggedal stadion, Krogsethagen og Hamnsund.

Alle prøver utan funn, med unntak av eit lavt utslag med koliforme bakteriar på Vadset. Desse bakteriane kjem av at det i ein kort periode på torsdag 23. juli blei levert vatn som kun var behandla med klor. 

Kokevarsel oppheva 

Sidan det ikkje er funn av E. coli på nokon av prøvene, og at vi kjenner bakgrunnen til dei koliforme bakteriane, kan vi oppheve kokevarselet frå søndag 26. juli kl 12.00. Opphevinga av varselet er godkjent av Mattilsynet.

For ordens skuld vil vi ta nokre oppfølgingsprøver i dag, søndag 26. juli.

Viktig med uttapping av eige leidningsnett for abonnentar

Gjennom helga har vi gjort ferdig arbeidet med spyling av leiningsnett og utskifting av vatn i drikkevassbassenga. Vi anbefaler no abonnentar å tappe ut eiga stikkleidning og internt leidningsnett i bustadane. 

Vatnet bør først tappast ut med kaldt vatn nært inntaket, gjerne frå hageslange. Når dette er gjort bør ein spyle gjennom alle kranar i huset med kaldt vatn fram til vatnet er klart. Når det kalde vatnet er klart bør ein deretter tappe varmt vatn i ein krane for å bytte ut vatnet som er i varmtvasstanken. 

Oppfølging etter hendinga

Dersom ein har fått skader på utstyr, vaskemaskiner, varmsvasstank etc som følge av inntak av misfarga vatn, må dette meldast inn til eige forsikringsselskap.

For å unngå ein liknande situasjon i framtida, har Haram kommune sett i gang ein prosess for å utbetre vassbehandlingsanlegget på Vatne.