Normal drift ved Vatne vassverk - framleis kokevarsel til abonnentar

Frå ettermiddagen den 24. juli har vassbehandlingsanlegget på Vatne vore i normal drift, men varsel om koking av drikkevatn er framleis gjeldande.

Status fredag 24. juli klokka 20.30

  • Det har i dag blitt utført utspyling på hovudleidningsnettet. I hovudsak på Vatne, men også i ein del i Tennfjord. No må vi la drikkevassbassenga få fylle seg opp gjennom natta, slik at vi kan halde fram arbeidet i morgon.
     
  • Det er tatt vassprøver i dag og vi vil ta nye prøver i løpet av helga. Kokevarselet vil halde fram til vi er sikre på at alt vatn har blitt bytta ut og prøvene er utan funn av bakteriar. Abonnentar vil få beskjed via SMS når varselet er oppheva.
     
  • Tankbilen blir ståande på Bunnpris Vatne gjennom helga, sjå informasjon lengre nede i artikkelen. Vi minner om at vassposane er gjenbrukbare, og ber om at ein ikkje tar ny pose utan at det er nødvendig.

Utspyling av leidningsnett fredag og laurdag 

Fredag 24. og laurdag 25. juli vil det bli arbeidd med utspyling av leidningsnett og utskifting av vatn i drikkevassbassenga. Medan arbeidet pågår vil abonnentane oppleve tidvis trykkfall eller heilt bortfall av vatn. Abonnentane kan også oppleve ytterlegare misfarga vatn som følge av spylinga.

Viktig med uttapping av eige leidningsnett for abonnentar

Når spylinga på hovudnettet er utført anbefaler vi å tappe ut eiga stikkleidning og internt leidningsnett i bustadane. 

Vatnet bør først tappast ut med kaldt vatn nært inntaket, gjerne frå hageslange. Når dette er gjort bør ein spyle gjennom alle kranar i huset med kaldt vatn fram til vatnet er klart. Når det kalde vatnet er klart bør ein deretter tappe varmt vatn i ein krane for å bytte ut vatnet som er i varmtvasstanken. 

Det blir sendt ut ny oppdatering på sms når spyling på hovudnettet er utført og dette kan gjerast.

Dersom ein har eventuelle skader på utstyr, vaskemaskiner, varmsvasstank etc som følge av inntak av misfarga vatn, må dette meldast inn til eige forsikringsselskap.

Kokevarsel framleis gjeldande

Det blir tatt vassprøver i dag og i morgon, dersom desse er utan funn av bakteriar kan kokevarselet opphevast på søndag. Det vil bli sendt ut informasjon på sms ved oppheving av kokevarsel. 

Her finn du praktiske råd ved kokevarsel (FHI)

Utlevering av drikkevatn ved Bunnpris Vatne

Vatnet i springen er trygt å drikke etter koking, om ein følger råda frå FHI.

Vi tilbyr likevel framleis råka abonnentar å hente drikkevatn frå tankbil som står ved Bunnpris Vatne (Vatnevegen 15). 

Abonnentar forsyner seg sjølve frå tankbilen, anten i medbragt dunk eller i posar som ligg ved tappepunktet. Posane kan brukast fleire gonger.

Tankbilen blir ståande til kokevarselet er oppheva, med atterhald om at den ikkje må brukast til andre akutte oppdrag.

Bruk av vatn til personleg hygiene for sårbare grupper

Personar med nedsett immunforsvar, opne sår eller alvorleg sjukdom bør nytte kokt og avkjølt vatn eller alternativ trygg vasskjelde til personleg hygiene når vatnet kan kome i kontakt med slimhinner eller sår. Ved symptom som diaré, oppkast eller feber bør lege kontaktast.