No kan du førehandsstemme

Den 11. august startar den ordinære førehandsstemmeperioden. Den varer til og med 5. september.

I Haram kan du førehandsstemme på desse stadene:

Førehandsstemming 2025
Lokale Dato Opningstid
Haram tenestehus 11. august - 3. september 09.00 - 14.30
Haram tenestehus 4. og 5. september 09.00 - 18.00
Eidet omsorgssenter, Trolldalsstova 25. august 14.00 - 17.00
Kyrkjestova på Fjørtoft 18. august 13.00 - 14.30
Coop Prix Longva 21. august 12.00 - 15.00
Joker Lepsøy 18. august 10.00 - 12.00
Haram omsorgssenter, dagsenteret 29. august 11.00 - 12.00
Longva omsorgsbustad 21. august 10.30 - 11.30
Haram vidaregåande skule 27. august 12.00 - 14.00
To kvinner står bak ei valurne - Klikk for stort bileteJasmina Maksumic og Nina Nordang er av dei som tar imot stemmer på Haram tenestehus Haram kommune

Hugs legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) og bankkort med bilde.

For veljarar som oppheld seg på helse- og omsorgsinstitusjonar, kan ein tilsett gå god for veljaren sin identitet. Det er då eit vilkår at den tilsette kan legitimere seg.

Stemme heime

Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan stemme i eit vallokale kan søke om å få stemme heime eller der dei er.

Du må søke kommunen om å få stemme heime eller der du er. Det er tilstrekkeleg å ta munnleg kontakt, og ikkje nødvendig med skriftleg søknad. 

Søknadsfristen for å stemme heime er torsdag 4. september klokka 12.00. 
For å søke kontaktar du politisk sekretær Ragnhild Movik på telefon 94 85 95 24.

Når du kontaktar kommunen må du oppgi årsaka til at du ønsker å nytte deg av moglegheita til å stemme heime. Det er ikkje eit krav om dokumentasjon, og det er difor nok å fortelje kommunen kvifor du ønsker å stemme heimanfrå.

Her kan du lese valdirektoratet sin informasjon om å stemme heime

På valdagen

På valdagen den 8. september 2025 kan du stemme i desse vallokala:

Vallokale stortingsval 2025
Stemmekrets Lokale Opningstid
Nordøyane Haramsøy skule 10.00 - 21.00
Brattvåg og Hildre Ingebrigt Davik-huset 10.00 - 21.00
Vatne og Tennfjord Eidet kulturhall 10.00 - 21.00
Søvik og Grytastranda Norborg fleirbrukshall 10.00 - 21.00


Du vil også få informasjon frå valdirektoratet om det næraste vallokalet ditt.

Korleis stemme ved sametingsvalet

For å stemme ved sametingsvalget må du vere innført i valmanntalet for Sametinget. 

Haram kommune har ikkje valting for sametingsvalet. Det betyr at du ikkje kan stemme på sjølve valdagen 08.09.2025.

Du må stemme under perioden for tidlegstemming eller i perioden for førehandsstemming.

Du kan lese mer om sametingsvalget på sametinget.no