No kan du bestille årets influensavaksinar

For å bestille tid for vaksinasjon må du kontakte fastlegekontoret ditt.

Korona- og influensavaksine blir tilbydd i vaksinasjonsprogrammet for vaksne til alle som er 65 år og eldre, i tillegg til vaksne og barn i risikogrupper. 

Folkehelseinstituttet si oppdaterte tilråding er at dei som er 75 år og eldre bør ta koronavaksine, men alle mellom 65 og 74 år kan få vaksinen gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei ønsker det

Pneumokokkvaksine blir tilbydd i vaksinasjonsprogrammet for vaksne det året du fyller 65 år. Den første årsklassen som får tilbodet, er dei som er fødde i 1960. Dersom du er fødd i 1960 og ikkje nyttar deg av tilbodet i år, har du framleis rett til å få vaksinen seinare.

Her kan du lese meir om vaksenvaksinasjonsprogrammet (FHI) 

Korleis bestille tid for vaksinasjon?

I Haram skjer vaksinasjonen ved kommunen sine legekontor, og kvart legekontor har ulike dagar der dei vaksinerer. For å bestille time må du kontakte det legekontoret der du har fastlege.

Her finn du kontaktinformasjon til legekontora i Haram kommune

Om du er under 65 år og ikkje er i risikogruppa men likevel ønsker å ta influensavaksine, må du ta kontakt kontakt med apotek eller annan helseleverandør. 

Sjå Haram kommune sin informasjon om vaksinar