DSB
Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon". Tyfonane når omtrent halve av det bebodde arealet i Norge, medan Nødvarsel skal nå dei aller fleste mobilar.
-Ei så omfattande varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange mobiltelefonar vil spele av lyd samtidig. Del derfor gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test, skriv Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) på nettsidene sine.
Kven får testen?
Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einheiter som befinn seg i Norge og som er kopla på 4G/5G, kan motta testen.
Husk å oppdatere telefonen din, slik at du har den nyaste programvaren frå operatøren din. Dersom du ikkje har ein oppdatert telefon, kan det hende du ikkje mottar testen.
Slå av telefonen om du ikkje vil motta varsel
Dersom du ikkje ønsker å motta testen, må du sette telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 11. juni. Lydlaus, lav lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt, opplyser DSB.
Her finn du all informasjon om testing av Nødvarsel (nodvarsel.no)