Hausten 2025 skal det gjennomførast tilsyn med radon i utleigebustader i Haram kommune. Dette er del av ein nasjonal tilsynskampanje i regi av Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA), men det er kommunane som gjennomfører tilsyna lokalt. Nemko Norlab vil stå for sjølve gjennomføringa på vegne av Haram kommune.
Utleigarar må måle radon
Alle som leiger ut bustad skal kunne dokumentere at radonnivåa i utleigebustaden er under grensene for radon. Dersom nivåa er for høge, er utleigar ansvarleg for å gjere tiltak mot radon. Dette er eit krav i strålevernforskrifta og gjeld alle typar utleigebustader, både offentlege og private.
Meir informasjon om regelverket finn du her: https://dsa.no/radon/radon-i-utleieboliger
Korleis skal det førast tilsyn?
Nemko Norlab, sender ut brev til utvalde utleigebustader på vegne av kommunen. Utleigar får spørsmål om det er målt radon, om målinga følger DSA sin måleprosedyre, og om det er gjennomført tiltak ved for høge verdiar. I tillegg blir det stilt spørsmål om leigetakar er informert om radonnivåa i bustaden.
Har du enno ikkje målt i utleigebustaden din?
Då kan du begynne å planlegge ei radonmåling til hausten. Radon skal målast i ein periode på minimum to månader i løpet av målesesongen, som er frå midten av oktober til midten av april. Leigetakar har krav på å få dokumentasjon på radonnivåa.
Du kan lese meir om korleis ei radonmåling skal gjerast på DSA sine nettsider
Kvifor er det viktig å måle radon?
Å puste i luft som inneheld radon, aukar risikoen for å få lungekreft. Aukinga i risiko blir bestemt av kor lang tid ein blir utsett for radon og av kor høgt radonnivået er. Radon i inneluft er vanlegaste årsak til lungekreft etter røyking og medverkar årleg til rundt 400 tilfelle av lungekreft i Noreg.
Kva er grensene for radon?
Dess lågare radonnivåa er, dess lågare er risikoen for lungekreft. Difor bør radonnivåa alltid vere så låge som praktisk mogleg. Tiltaksgrensa er 100 Bq/m3 og grenseverdien, som er ei øvre grense, er 200 Bq/m3. Dette betyr at dersom du måler radonnivå høgare enn tiltaksgrensa, for eksempel 150, 400 eller 2000 Bq/m3, må du gjere tiltak mot radon. Tiltaka må dokumenterast.
Her finn du meir informasjon om radon