Midlertidig stenging av bassenget ved Brattvåg ungdomsskule

I samband med ei teknisk synfaring ved bassenganlegget på Brattvåg ungdomsskule, blei det søndag 3. november avdekt skade i membranen til bassengkonstruksjonen. 

Skaden har ført til fuktopptrekk og rustdanning i delar av armeringa i betongen. Sjølv om vasskvaliteten er innanfor gjeldande krav, inneber skaden eit konstruksjonsmessig avvik som krev nærare vurdering før vidare bruk kan reknast som forsvarleg.

Avgjerda om å stenge bassenget er eit føre-var tiltak basert på konstruksjonsteknisk vurdering, og ikkje knytt til driftsrutinar, hygieniske forhold eller vasskvalitet.

Vidare prosess og tidsestimat

Bassenget vil i første omgang bli tappa ned, noko som vil ta 1–2 veker. Deretter skal det gjennomførast grundige undersøkingar for å kartlegge skadeomfanget og vurdere nødvendige tiltak. Oppfylling, oppvarming og stabilisering av vassverdiane vil ta om lag éin månad etter dette. Bassenget vil difor vere stengt minimum ut året.

Det er førebels ikkje mogleg å konkretisere kva tiltak som må til, eller kva kostnader som vil vere knytt til utbetring. Dette vil først bli klart etter at kartlegginga er gjennomført. Opningstidspunktet for bassenget vil difor avhenge av resultatet av desse vurderingane.

Konsekvensar for svømmeaktivitet

Stenginga medfører at all svømmeopplæring i regi av skule, samt aktivitetar i regi av svømmeklubben, vert sett på pause inntil vidare.