Lær om korleis du startar og driv ei bedrift

Den 20. mars kan du møte gründertenesta hoppid.no, Brønnøysundregistra og Altinn i Ålesund.

Illustrasjon av forretningskvinne som klatrar mot eit mål - Klikk for stort bilete Illustrasjon: storyset.com

Planlegg du å starte di eiga bedrift, eller er du alt i gong? Då er det viktig å vite kva for reglar som gjeld.

På møtet vil du få informasjon frå gründertenesta hoppid.no, Brønnøysundregistra og Altinn om tema som er viktige å tenke på før og etter oppstarten, og når du er i drift.

Tid og stad

  • Tid: 20.mars klokka 12:00-14:00
  • Stad: ÅKP Blue Innovation Arena NMK (Borgundvegen 340, 6009 Ålesund)
     

Her kan du melde deg på samlinga

Program

  • Lokal gründerhjelp v/gründertenesta hoppid.no
  • Kva må du tenke på før og under oppstarten? v/Brønnøysundregistra
    • Kva opplever brukarane at det er vanskeleg å forstå?
    • Kvifor er det viktig å planlegge godt?
    • Verktøykassa for å starte og drive bedrift i Altinn, med guidar og rettleiarar
  • Val av organisasjonsform v/Brønnøysundregistra
    • Litt om dei vanlegaste organisasjonsformene og korleis du registrerer bedrifta di
  • Praktisk bruk av Altinn v/Digitaliseringsdirektoratet
  • Kva er det viktig å gjere når du skal drive bedrift? v/ Brønnøysundregistra
    • «Starte å drive bedrift» som digital verktøykasse i Altinn- med tilpassa rettleiing og informasjon om å drive aksjeselskap og enkeltmannsforetak.
    • Rapporteringsplikter
    • Skatt og avgift
    • Bokføring og rekneskap
    • Andre relevante tema
    • Andre relevante tema som etterspørres frå salen

 

Vel møtt!

Arrangør er hoppid.no kontora til Ålesund kommune, Haram kommune, Sula kommune og ÅKP.