Kystverket startar vedlikehaldsarbeid på Terøybrua

Kystverket melder om vedlikehaldsarbeid på Terøybrua frå den 22. april. Merk at brua vil vere heilt stengd i tidsrommet 26. april kl 20.00 til 27. april kl 09.00.

Bru frå fastland til øy. Informasjonsskilt i framgrunnen - Klikk for stort bilete Haram kommune

Terøyabrua er utsliten og i dårleg stand. Derfor vert det no plassert ut ei beredskapsbru for å avlaste den inntil ny løysing er på plass. Utplasseringa av beredskapsbrua vil skje i veke 17. 

Dei forberedande arbeida startar på føremiddagen måndag 22. april. Vegen blir då innsnevra og ein må forvente redusert framkome og noko ventetid for køyretøy. 

Brua vil bli stengd frå fredag 26. april kl. 20.00 til laurdag 27. april kl. 09.00, då skal beredskapsbrua settast ut og rampar opparbeidast.

Kystverket har sendt ut informasjonsbrev til innbyggarar og heimelshavarar på Terøya.

For meir informasjon kan byggeleiar i Kystverket,  Ole-Irgen Hammer, kontaktast på telefon 97 70 89 01 eller 
e-post ole-irgen.hammer@kystverket.no.