Kunngjering om utskriving av eigedomsskatt 2026

Lister over takst og eigedomsskatt på eigedomar i Haram kommune er no lagt ut til offentleg ettersyn.
 

​Korleis lese i skattelistene?

Du kan opne og lese i skattelista ved å klikke på lenkja under. Eigedomar med fritak etter § 7a og § 7b i eigedomsskattelova ligg til slutt i dokumentet. Skattelista er berre tilgjengeleg på denne nettsida.

Sjå eigedomskatteliste for Haram 2026 (PDF, 453 kB)

Liste over takst og eigedomsskatt ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 26. februar - 26. mars 2026.

Skattesetel

Eigarar av skattepliktige eigedomar får tilsendt eigen skattesetel. Informasjon om takst og skatt finn du på skattesetelen. Klagefrist er 6 veker frå skattelista vert lagt ut til offentlig ettersyn. Skattesetelen har informasjon om korleis du kan klage på eigedomsskatten. Eigarar som meiner å ha krav på fritak må ta kontakt med kommunen.

Berekning av eigedomsskatt

Eigedomsskatten for 2026 blir berekna med skattesats på 1,5 promille av skattegrunnlaget.  Denne satsen er vedtatt av kommunestyret.

Meir informasjon om eigedomsskatt i Haram kommune

Betaling av eigedomsskatt

Eigedomsskatten blir fakturert saman med kommunale avgifter.