Kulturprisane for 2025 er tildelte

Kulturutvalet har tildelt kulturprisen og ungdommens kulturpris for 2025.

Vedtak om tildeling av prisane vart gjort under kulturutvalet sitt møte den 28. oktober.

Ungdommens kulturpris

Ungdommens kulturpris 2025 går til Brattvåg Svømmeklubb.

Kulturutvalet si grunngiving for tildelinga

Ei stor gruppe barn og vaksne sit på og rundt ei stor trampoline - Klikk for stort bileteDen flotte gjengen i Brattvåg Svømmeklubb er vinnarar av ungdommens kulturpris for 2025 Brattvåg Svømmeklubb

Brattvåg  Svømmeklubb vart stifta i 1969, og gjennom meir enn fem tiår med samanhengande drift har klubben vore ein viktig aktør og bidragsytar i idrettslivet for barn og unge i Haram kommune.

Klubben er i vekst og tel no over 60 aktive svømmarar under 16 år, fordelt på ulike treningsgrupper. Totalt har klubben over 260 medlemmer.

Takka vere dugnadsarbeid i klubben er svømmehallen open 10 månader i året, med bassengaktivitet gjennom heile veka i form av trening, svømmeopplæring og offentleg bading. Klubben legg ned ein stor innsats for at innbyggarar i kommunen skal ha eit godt svømme- og badetilbod, anten dei er barn eller vaksne.

Gjennom åra har klubben hjelpt fram mange svømmetalent, og fleire av dei noverande medlemmane er oppe i toppen nasjonalt sett når det gjeld prestasjonar.

Samtidig strekker Brattvåg Svømmeklubb sitt engasjement seg også langt utanfor konkurransearenaen. Den har eit stort fokus på fellesskap, meistring og tilhøyre for barn og unge, og gjennom allsidig og trygg aktivitet skaper klubben eit inkluderande miljø der alle er velkomne .

Vi takkar Brattvåg Svømmeklubb for deira verdifulle arbeid for barn og unge i kommunen vår!

Kulturprisen

Ei gruppe menn og kvinner står ved sidan av kvarandre - Klikk for stort bileteStyret i Haram kulturhistoriske Lag: F.v. Jan Alvestad, Atle Longva, Sissel Blø, Liv Longva Nilsen, Sveinung Giske og Bjørn Kåre Høistad Haram Kulturhistoriske Lag

Kulturprisen for 2025 går til Haram Kulturhistoriske Lag.

Kulturutvalet si grunngiving for tildelinga

Haram kulturhistoriske Lag (HKL) arbeider for å fremje kulturhistorisk interesse og sikre minne og kulturhistorie i Haram for ettertida. I tillegg jobbar laget også med aktuelle saker og framtidsretta kultur- og miljøvernspørsmål.

Haram Kulturhistoriske Lag har i ei årrekke presentert lokalhistoriske hendingar, personar, næringsliv og kulturliv frå gamle Haram kommune som omfatta Nordøyane, Hildrestranda og Brattvåg fram til 1965.

Laget er i vekst og har eit aktivt styre som saman med medlemmene knyter historie i denne delen av noverande Haram kommune med framtida, slik at folk som lever no kan bli kjende med kultur og historie i sitt nærmiljø.

Sidan starten i 1972 har laget gitt ut nærare 80 bøker, hefte og skriv basert på den lokale historia vår, med årboka som det store berebjelken. I fjor vart det gitt ut ei bok om Eira-forliset på Lepsøyrevet/Hestøya under krigen, og det vart også arrangert ei minnesamling på den aktuelle staden for angrepet for 80 år sidan. I 2025 har laget arbeidd med å markere 200-års jubileet for den norske utvandringa til USA, og har gitt ut ei eiga bok med stoff om dei som utvandra frå gamle Haram kommune.

Utanom skriftlege utgivingar er også HKL initiativtakar og pådrivar for mykje annan aktivitet med lokalhistorisk verdi. Mellom anna er laget medlem i Memoar, ein organisasjon som har til formål å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv. Gjennom dette samarbeidet har HKL tilgjengeleggjort intervjuopptak med personar som som har tatt del i eller vore vitne til historiske utviklingsprosessar og hendingar i lokalmiljøet vårt. 

Gjennom sitt målretta arbeid har Haram kulturhistoriske Lag sikra at lokal historie og kulturarv blir bevart og formidla for ettertida. Dei tar vare på minne og forteljingar som elles kunne gått tapt, og gjer dei levande og tilgjengelege for både nolevande og komande generasjonar.

Prisutdeling under årets siste kommunestyremøte

Utdeling av begge kulturprisane vil skje under Haram kommunestyre sitt møte den 11. desember.

Vi gratulerer prisvinnarane og takkar for innsatsen dei har lagt ned for kulturlivet i Haram kommune!

Her finn du meir informasjon om Haram kommune sine kulturprisar