Vedtak om tildeling av prisane vart gjort under kulturutvalet sitt møte den 21. november.
Ungdommens kulturpris
Frå ei av forestillingane til dansarane i Let's move
Let's move
Ungdommens kulturpris 2024 går til Let’s move.
Kulturutvalet si grunngiving for tildelinga
På kort tid har Let’s Move samla over 100 danseglade barn og unge frå heile kommunen, og skapt ein møtestad der dei blir kjende med kvarandre på tvers av bygdene.
Let’s Move har bidrege til eit større mangfald i fritidstilbod i kommunen, særskilt positivt er det at tilbodet også er tilrettelagt for barn og ungdom med fysiske funksjonsnedsettingar.
Eldsjela bak tilbodet, Oda Helen Hildrestrand, har vore aktiv innan kulturliv og dans sidan ho var ei lita jente, og har vore danseinstruktør i ei årrekke. Dei seinare åra har ho tatt utdanning innan dans ved Bårdar Akademiet i Oslo. Saman med dei andre instruktørane gjer Oda Helen Let’s move til ein trygg og inkluderende arena for alle som ønsker å drive med dansing.
Kulturprisen
Tennfjord Mannskor under ein av dei mange konsertane dei har hatt
Tennfjord Mannskor
Kulturprisen for 2024 går til Tennfjord Mannskor
Kulturutvalet si grunngiving for tildelinga
Tennfjord Mannskor vart etablert i 2004, og tel i dag 32 medlemmer. Sidan oppstarten har koret skapt mykje glede og varme rundt om, med både flott song og stort engasjement.
Gjennom åra har dei sprudlande songarane hatt mange framsyningar, i form av alt frå lokale songpubar, korkaféar og kyrkjekonsertar, til større samarbeid og konsertar saman med både lokale og nasjonale artistar.
Mannskoret har vore, og er, eit lågterskeltilbod der nye songglade medlemmer alltid er velkomne, og koret er ein viktig sosial arena for mange.
Mannskoret har i alle år hatt øvingslokale i Tennfjord Ungdomshus, som har vore eit viktig bygg for kulturlivet i Tennfjord og omegn. I 2016 tok koret over bygget, og har sidan det lagt ned ein betydeleg innsats når det gjeld oppgradering og vedlikehald. Dette arbeidet har kome heile bygda til gode.
Tennfjord Mannskor feirer i år 20 år, og i november vart jubileet markert med ein storslått konsert i Eidet kulturhall. Stort publikumsoppmøte og særs gode tilbakemeldingar tyder på at koret blir sett stor pris på av mange, og at dei har vore, og er, ein viktig bidragsytar i kulturlivet i kommunen.
Prisutdeling under årets siste kommunestyremøte
Utdeling av begge kulturprisane vil skje under Haram kommunestyre sitt møte den 12. desember.
Vi gratulerer prisvinnarane og takkar for innsatsen dei har lagt ned for kulturlivet i Haram kommune!
Her finn du meir informasjon om Haram kommune sine kulturprisar