Kulturmidlar for 2024

Lag og foreiningar heimehøyrande i Haram kommune kan no søke om kulturmidlar frå kommunen.

Ei grøn spire veks opp av eit glas fylt av myntar - Klikk for stort bilete Micheile Henderson/Unsplash

Ordinære kulturmidlar

Dei ordinære kulturmidlane er delt inn i tre kategoriar:

  • Song og musikk
  • Idrett og fysisk aktivitet
  • Frie lag og organisasjonar


Felles for alle er at aktivitetane må vere retta inn mot barn og unge for å få tilskot. 

Sjå ellers kommunen sine retningslinjer for ordninga. (PDF, 119 kB)

Korleis søke?

Søknad om midlar må sendast inn elektronisk via kommunen sitt søknadsskjema. Dersom det oppstår problem med innsendinga av elektronisk søknad, kan e-post til postmottak@haram.kommune.no nyttast.

Søknadsfristen er sett til 20. mai 2024. For seint innkomne søknadar får ikkje tildelt kulturmidlar.

Søk om ordinære kulturmidlar for 2024

Støtte til spesielle prosjekt

Haram kommune har også ei tilskotsordning for støtte til spesielle prosjekt knytt til kulturmidlane. 

For desse midlane er det ikkje fastsett søknadsfrist, men prosjekta må vere innanfor rammene av dei vedtatte retningslinjene for slike tilskot.

Sjå retningslinjene for tildeling av støtte til spesielle prosjekt (PDF, 151 kB)

Korleis søke?

Søknad om midlar må sendast inn elektronisk via kommunen sitt søknadsskjema. Dersom det oppstår problem med innsendinga av elektronisk søknad, kan e-post til postmottak@haram.kommune.no nyttast.

Søk om støtte til spesielle prosjekt