Haram og Ålesund kommunar inviterer til ein inspirerande kveld der landbrukskontoret og hoppid.no deler informasjon om ordningar, tilskot og moglegheiter for deg som vurderer tilleggsnæring eller vidare utvikling på garden din.
Vi får mellom anna besøk av Finvik Gård, som vil fortelje om reisa si frå idé til dagens drift og om visjonane dei har for tida framover.
Når og kvar?
Det blir arrangert to like møte:
Måndag 23. mars kl 18-20
Norborg Fleirbrukshall
Vollane 31, 6280 Søvik
Tysdag 24. mars kl 18-20
Ørskog kulturhus
Sjøholtvegen 19, 6240 Ørskog
Meir om møtet
Målet med møtet er å inspirere, gi nyttig kunnskap og skape kontakt mellom lokale gründarar og støtteapparatet. Vi ønsker å stimulere til meir samarbeid, engasjement og verdiskaping i landbruket, og satsar på skikkeleg inspirasjonspåfyll denne kvelden.
Har du ein idé eller ein draum knytt til garden din? Då er dette ei flott moglegheit til å få både inspirasjon og rettleiing, og til å møte andre som også vurderer å starte opp noko nytt.
Vi oppmodar alle som driv gard, er nysgjerrige, eller vurderer å utvikle ny næring på garden om å melde seg på.
Møtet er gratis, og det vert servert lett mat og drikke.
Program
- Velkomen v/ hoppid.no
- Informasjon frå hoppid.no
- Informasjon frå Innovasjon Norge
- Informasjon frå Landbrukskontoret
- Lokalt døme: Finvik gård
- Spørsmål og diskusjon
Påmelding
Meld deg på ved å gå til skjemaet i linken under. Hugs å krysse av for kva for eit møte du ønsker å delta på.
Meld deg på inspirasjonssamlinga Garden som ressurs