Innspel til handlingsprogram for idrett og fysisk aktivitet 2026-2030 - Haram kommune

Innspel til handlingsprogram for idrett og fysisk aktivitet 2026-2030

Kva anlegg bør bli prioritert til idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Haram? No kan alle lag og organisasjonar i Haram kome med innspel til tiltak som bør med i handlingsprogrammet for 2026-2030? Frist for å kome med innspel er 20. juni 2026.

I tråd med planstrategi for Haram kommune 2025-2028, skal det utarbeidast ein kultur- og idrettsplan for kommunen. 

Planen vil også innehalde eit handlingsprogram for idrett og fysisk aktivitet. Dette skal rullerast årleg og er knytt opp mot søknad om statlege spelemidlar. 

Ved søknad om spelemidlar til ordinære anlegg skal tiltak vere omtala i handlingsprogrammet. Nærmiljøanlegg treng ikkje å vere omtala i programmet, men ein ønsker det for enklare oversikt og prioritering. Inntak i handlingsprogrammet er ikkje ein garanti for tilsegn frå spelemidlane.

Kom med innspel

Alle lag og organisasjonar med interesse for tilrettelegging, utvikling eller bygging av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet kan kome med innspel til tiltak. 

MERK: 
Tiltak som er omtala i gjeldande handlingsprogram treng ikkje å sendast inn på nytt, med mindre det føreligg endringar.

Link til gjeldande handlingsprogram

Vi ber om at innspel blir sendt til Haram kommune via elektronisk skjema:

Send innspel til tiltak i handlingsprogram for 2026-20230- idrett og fysisk aktivitet

Frist for innsending er den 20. juni 2026.

Ved behov for å sende inn innspel på annan måte ber vi om at du tar kontakt med ein av saksbehandlarane under for å avtale dette.

Maren Fjørtoft Bringsvor
Rådgjevar
E-post
Telefon 92 49 67 53
Mobil 92 49 67 53
Ragnhild Louise Nordang
Rådgjevar
E-post
Mobil 97 65 17 26