I tråd med planstrategi for Haram kommune 2024-2027, er ein no i gong med å utarbeide ein kultur- og idrettsplan for kommunen.
Planen vil også innehalde eit handlingsprogram for idrett og fysisk aktivitet. Dette skal rullerast årleg og er knytt opp mot søknad om statlege spelemidlar.
Ved søknad om spelemidlar til ordinære anlegg skal tiltak vere omtala i handlingsprogrammet. Nærmiljøanlegg treng ikkje å vere omtala i programmet, men ein ønsker det for enklare oversikt og prioritering. Inntak i handlingsprogrammet er ikkje ein garanti for tilsegn frå spelemidlane.
Kom med innspel
Alle lag og organisasjonar med interesse for tilrettelegging, utvikling eller bygging av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet kan kome med innspel til tiltak.
MERK:
Tiltak som er omtala i tidlegare handlingsprogram, må også sendast inn for å bli vurdert i nytt handlingsprogram. Dette gjeld også om tiltaket allereie er påbegynt.
Vi ber om at innspel blir sendt til Haram kommune via elektronisk skjema:
Send innspel til tiltak i handlingsprogram for 2025-2029 - idrett og fysisk aktivitet
Ved behov for å sende inn innspel på annan måte ber vi om at du tar kontakt på telefon 70 20 75 00 eller e-post postmottak@haram.kommune.no for å avtale dette.
Frist for innsending er den 25. juni 2025.