Ekteparet Ingrid Håskjold (t.v.) og Hallvard Skorpen er nye fastlegar ved Haramsøy legekontor
Privat
Ekteparet har begge god erfaring med arbeid som fastlege. Dei skal dele ei fastlegestilling, og vil arbeide 50% kvar. Dei vil starte i jobben på Haramsøya den 20. januar 2025.
Kommunalsjef for Livsløp, Frode Bøe Hatlelid, er glad for å ha fått Ingrid og Hallvard med i teamet av fastlegar i Haram kommune.
-Med desse tilsettingane har vi no oppnådd ei stabil legedekning i heile Haram kommune, og alle heimlar ved legekontora våre er besette.
Ser fram til å jobbe på Haramsøya
Ingrid Håskjold kjem opprinneleg frå Sunnmøre, og ser fram til å kome tilbake til heimlege trakter.
-Eg gler meg til å kome tilbake til Sunnmøre etter mange år borte, seier ho. - Eg ser fram til å bli kjent med pasientane og lokalmiljøet på Haramsøy, og til å jobbe i eit godt fagleg miljø.
Også ektemannen Hallvard ser fram til å starte i den nye jobben i januar:
-Å dele fastlegestillinga med kona mi og starte eit liv med tilknyting til Haramsøy, er veldig spennande. Eg har sjølv vakse opp som øybuar, og trur eg vil føle meg vel til rette på Haramsøy, seier han.