Kommunen har ansvar for å kontrollere private avløpsanlegg, for å sikre at dei fungere som dei skal og følger gjeldande reglar. Fakturaen for tilsynsgebyr skal finansiere arbeidet kommunen har med desse tilsyna.
Kvifor må du betale?
Gebyret går til å dekke tilsyn med avløpsanlegget ditt. Fakturaen er fast og årleg, og gjeld sjølve tilsynstenesta. Det er altså ikkje betaling for eit konkret tilsyn.
Dette er ikkje ei kommunal avift, men eit gebyr som som følger sjølvkostprinsippet. Det vil seie at inntektene frå gebyret ikkje skal overstige konstnaden med å utføre tenesta. Eit eventuelt overskot eller underskot blir justert i neste års gebyr.
Kva dekker tilsynet?
Gebyret skal dekke
- gjennomgang av dokumentasjon til anlegget,
- kontrollbesøk med utarbeiding av tilsynsrapport
- oppfølging av avvik når det er behov for dette
Kven er omfatta?
- Private avløpsanlegg som ikkje er knytt til kommunalt nett
- Utslepp frå kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbygde område
- Verksemder med feittutskiljar
- Verksemder med oljeutskiljar
I denne artikkelen finn du meir informasjon om tilsyn av avløpsreinseanlegg