På grunn av ein feil i vassforsyningssystemet har Grytastranda vassverk blitt forsynt med vatn frå Vatne vassverk i natt. Dette gjer at varsel om koking av drikkevatn er utvida til også å gjelde abonnentar på Grytastranda.
Oppdatering laurdag 25. juli klokka 12.00
- Ved prøvetaking fredag 24.7. fekk vi eit lavt utslag på koliforme bakteriar ved vassbehandlingsanlegget på Vatne. Ingen utslag på prøver tatt på Slyngstad, Vadset og Eidet omsorgssenter. Ingen utslag av E. coli på nokon av prøvepunkta.
Vi tar nye prøver laurdag 25. juli, med utvida antal prøvepunkt. Vi ventar svar på desse i løpet av søndag 26. juli.
- Kokevarselet for abonnentar ved Vatne vassverk og Grytastranda vassverk vil vare fram til vi har to prøver er utan funn av bakteriar, truleg vil det minst gjelde til måndag 27. juli. Abonnentane vil få beskjed via SMS når varselet er oppheva.
- Abonnentar kan hente drikkevatn frå tankbil ved Bunnpris Vatne, Vatnevegen 15. Sjå informasjon lengre nede i artikkelen. Bilen blir ståande så lenge kokevarselet gjeld.
- Arbeidet med utspyling av hovudleidningsnett vil halde fram i dag, laurdag. Dette kan føre til misfarga vatn og trykkfall i vassforsyninga.
Utspyling av leidningsnett fredag og laurdag
Fredag 24. og laurdag 25. juli vil det bli arbeidd med utspyling av leidningsnett og utskifting av vatn i drikkevassbassenga. Medan arbeidet pågår vil abonnentane oppleve tidvis trykkfall eller heilt bortfall av vatn. Abonnentane kan også oppleve ytterlegare misfarga vatn som følge av spylinga.
Viktig med uttapping av eige leidningsnett for abonnentar
Når spylinga på hovudnettet er utført anbefaler vi å tappe ut eiga stikkleidning og internt leidningsnett i bustadane.
Vatnet bør først tappast ut med kaldt vatn nært inntaket, gjerne frå hageslange. Når dette er gjort bør ein spyle gjennom alle kranar i huset med kaldt vatn fram til vatnet er klart. Når det kalde vatnet er klart bør ein deretter tappe varmt vatn i ein krane for å bytte ut vatnet som er i varmtvasstanken.
Det blir sendt ut ny oppdatering på sms når spyling på hovudnettet er utført og dette kan gjerast.
Dersom ein har eventuelle skader på utstyr, vaskemaskiner, varmsvasstank etc som følge av inntak av misfarga vatn, må dette meldast inn til eige forsikringsselskap.
Kokevarsel framleis gjeldande
Kokevarselet for abonnentar ved Vatne vassverk og Grytastranda vassverk vil vare fram til vi har to prøver er utan funn av bakteriar, truleg vil det minst gjelde til måndag 27. juli.
Abonnentane vil få beskjed via SMS når varselet er oppheva.
Her finn du praktiske råd ved kokevarsel (FHI)
Utlevering av drikkevatn ved Bunnpris Vatne
Vatnet i springen er trygt å drikke etter koking, om ein følger råda frå FHI.
Vi tilbyr likevel framleis råka abonnentar å hente drikkevatn frå tankbil som står ved Bunnpris Vatne (Vatnevegen 15).
Abonnentar forsyner seg sjølve frå tankbilen, anten i medbragt dunk eller i posar som ligg ved tappepunktet. Posane kan brukast fleire gonger.
Dersom du ikkje har moglegheit til å hente vatn sjølv kan Vatne/Tennfjord Røde Kors vere behjelpeleg med å få frakta det heim til deg. Ved behov, ta kontakt på tlf 81504036.
Tankbilen blir ståande til kokevarselet er oppheva, med atterhald om at den ikkje må brukast til andre akutte oppdrag.
Bruk av vatn til personleg hygiene for sårbare grupper
Personar med nedsett immunforsvar, opne sår eller alvorleg sjukdom bør nytte kokt og avkjølt vatn eller alternativ trygg vasskjelde til personleg hygiene når vatnet kan kome i kontakt med slimhinner eller sår. Ved symptom som diaré, oppkast eller feber bør lege kontaktast.
Frå ettermiddagen den 22. juli har Vatne vassverk hatt problem med redusert vassproduksjon. Natt til 23. juli har det også kome misfarga, delvis ubehandla vatn i ledningsnettet.
Med bakgrunn i dette er det sendt ut varsel om at drikkevatn må kokast til alle abonnentar til Vatne vassverk.
Kokevarselet vil truleg vare fleire dagar. Ny oppdatering rundt arbeidet med feilretting er venta fredag 24.juli. Vi ber elles om at abonnentar held fram med å ha redusert vassforbruk inntil ny beskjed blir gitt.
Her finn du praktiske råd ved kokevarsel (FHI)
Dei aller fleste abonnentar til Hellestranda vassverk er foreløpig ikkje råka, då deira inntak frå Vatne vassverk vart stengt av på kvelden den 22. juli. Abonnentar som bur på Hovset må følge anbefalinga om koking av drikkevatn.
Det vert arbeidd med spyling av råvassleidning og med å få prosessanlegget tilbake i drift, arbeidet vil fortsette utover ettermiddagen og kvelden.
Utlevering av drikkevatn ved Bunnpris Vatne
Vatnet som går ut på leidningsnettet frå Vatne vassverk kan vere misfarga, og vi tilbyr råka abonnentar å hente drikkevatn frå tankbil som står ved Bunnpris Vatne (Vatnevegen 15). Vatnet er likevel trygt å drikke etter koking, om ein følger råda frå FHI.
Abonnentar forsyner seg sjølve frå tankbilen, anten i medbragt dunk eller i posar som ligg ved tappepunktet. Posane kan brukast fleire gonger.
Det er utlevert drikkevatn og vatn til personleg hygiene til Eidet omsorgssenter.
Bruk av vatn til personleg hygiene for sårbare grupper
Personar med nedsett immunforsvar, opne sår eller alvorleg sjukdom bør nytte kokt og avkjølt vatn eller alternativ trygg vasskjelde til personleg hygiene når vatnet kan kome i kontakt med slimhinner eller sår. Ved symptom som diaré, oppkast eller feber bør lege kontaktast.