Haramspodden er lansert!

Haram kommune har fått eigen podcast, - velkomen til «Haramspodden» med Inger og Kristin!

Foto av opptak til podcast. To kvinner med headset sit ved eit bord, mikrofonar og skjermar rundt dei - Klikk for stort bileteKristin (t.v.) og Inger Synnøve er kvinnene bak «Haramspodden» Haram kommune

Kvinnene bak den rykande ferske «Haramspodden» er næringssjef Inger Synnøve Remme og kommunalsjef Kristin Fjeld-Eiken.

- Vi høyrer begge mykje på podcast og er begeistra for formatet. Vi opplever det som er ein verdifull måte å få og skape kontakt med kunnskapsrike, interessante og engasjerte folk. Og dei er det mange av i Haram!, seier dei to driftige damene.

- Tenk om vi kan bli betre kjent med nokre av desse og få høyre om kva dei brenn for når vi no skal bygge det nye, tenkte Inger og Kristin. Og vips, så vart dei podcastvertar!

Nye episodar og nye gjestar framover

Planen til dei to ferske podcast-vertane er å publisere minst éin episode i månaden. I kvar episode har dei med seg ein ny gjest, alle med tilknyting til Haram.

Opptaka til podden har allereie vore i gang ei stund, og no er endeleg ein kort velkomstepisode lagt ut. Neste episode kjem om kort tid, så det er berre å vente i spenning!

-Vi gler oss til å dele alle dei fine samtalane og gjestemøta med lyttarane våre, seier Inger og Kristin. - Vi håper mange vil sjekke ut kanalen og at produktet fell i smak, vi høyrast på Haramspodden!

Lytt til Haramspodden på Spotify