Haram ungdomsråd søker nye medlemmer

Haram kommune søker engasjerte ungdommar til å vere med i Haram ungdomsråd. Er det deg vi leitar etter?

Denne gjengen har vore med i Haram ungdomsråd i 2024 og 2025. No søker rådet nye medlemmer frå 2026.

Ungdomsrådet er eit råd som består av ungdom i alderen 13 til 19 år. Ungdommane skal gi råd til politikarane i saker som på ein eller annan måte påverkar barn og unge i kommunen. Å vere representant inneber å delta på omlag 6 møte i året, alle medlemmene i rådet får møtegodtgjersle (lønn) for møte dei er på.

Den 11. desember skal Haram kommunestyre velje nytt ungdomsråd for perioden 2026-2027.  Kan det vere deg vi leitar etter?

Kven kan bli med i ungdområdet?

Alle mellom 13 og 19 år som bur i Haram kommune kan søke om å bli medlem. Du treng ikkje ha erfaring frå før – berre ha lyst til å engasjere deg og seie meininga di om saker som gjeld barn og unge! Som medlem i ungdomsrådet får du lære korleis kommunen fungerer og om lokalt demokrati og medverknad. 

Korleis melde interesse?

Har du lyst å melde deg som kandidat til ungdomsrådet? Eller kunne du tenke deg bli kontakta for å få vite meir om kva dette vervet inneber? Då vil vi gjerne at du sender inn skjemaet du finn i linken under.

Fargerik plakat oom at ungdomsrådet søker nye medlemmer - Klikk for stort bilete

Fristen er 20. november 2025.

Meld interesse for å bli medlem i Haram ungdomsråd


Spørsmål?

Om du har spørsmål må du gjerne ta kontakt med politisk sekretær Ragnhild Movik:

 

Sjå KS sin infofilm om ungdomsråd: