Haram kommune ønsker å kome i kontakt med personar som kan bidra som avlastarar. Dette er eit hjelpetiltak og ei viktig støtteordning for familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver.
Kven kan bli avlastar?
- Du bør vere over 21 år og ha interesse for andre menneske.
- Du treng ikkje å ha formell utdanning, motivasjon og gode haldningar er det viktigaste.
- Du må kunne legge fram gyldig politiattest.
- Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar hos den som skal vere avlastar.
Kva inneber rolla som avlastar?
Som avlastar gir du omsorgspersonar verdifull tid til kvile, samtidig som du gjer ein positiv forskjell i eit barn sin kvardag. I arbeidet deltar du i aktivitetar, kvardagsrutinar og sosialt samvær saman med barnet du er avlastar for.
Avlastinga vil vere individuell, og kan gå føre seg i din eigen heim eller i barnet sin heim, avhengig av situasjonen og behova. Som oftast er det behov for avlasting om lag éi helg kvar eller annankvar månad.
Det er ønskeleg at du som avlastar kan ta på deg ein langvarig avtale, slik at det kan etablerast gode og trygge relasjonar både med barnet og foreldra. Du vil få lønn og utgiftsdekking etter KS sine satsar for privat avlastar.
Slik søker du
Her kan du sjå stillingsannonse og sende inn søknad
Søknadsfrist er 8. mars 2026.
Også behov for støttekontaktar
Haram kommune har også behov for fleire støttekontaktar. Du kan lese meir om kva rolla som støttekontakt inneber og korleis du kan søke her:
Vil du bli støttekontakt?
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss om du lurer på noko rundt det å vere avlastar eller støttekontakt: