Haram kommune tilbyr kurs i belastningsmeistring

Kurs i belastningsmestring (KIB-kurs) er eit kurs der du lærer metodar og teknikkar for å meistre belastningar knytt til både helse, arbeids- og privatliv.
 

Fire personar sit rundt eit bord. Ein person viser noko på ein skjerm på veggen - Klikk for stort bilete

 

Kva ein opplever som belastning er individuelt, men eksempel kan vere tidspress, lite kontroll over eigen arbeids- eller livssituasjon, problem i mellommenneskelege forhold, sjukdom/helseproblem eller økonomiske problem.

Uavhengig av kva som gir belastninga, blir konsekvensane ofte dei same. Kanskje får du vanskar med å konsentrere deg? Blir sliten, deppa eller irritabel? Strevar med søvnvanskar eller muskelsmerter? 

Kurs i Belastningsmeistring – KiB, er utarbeidd for personar som ønsker å betre evna til å meistre belastningar i arbeidsliv og privatliv. Målgruppa er derfor alle som har ei form for belastning som medfører at dei ønsker å styrke eiga evne til å regulere og handtere belastningar.

Dette kan vi tilby på kurset

KiB er eit kurs som er basert på forståinga av samanhengen mellom belastning, meistring og stress.

I kurset brukar vi kognitiv teori og kognitive metodar, og merksemda er retta mot å kartlegge eigne belastningar og eigen meistrings- og tankestil.

To kvinner står ved sidan av kvarandre. Den eine held fram ei bok - Klikk for stort bileteElisabeth Bjørdal Leine og Tove G. Haukeberg er kurshaldarar, og ser fram til å ønske velkomen til første runde med KiB i Haram Haram kommune

Som kursdeltakar jobbar du med eigne utfordringar heime, ved hjelp av metodar og teknikkar du lærer. Heimearbeid er derfor ein viktig del av kurset.

Annan informasjon om kurset:

  • Kurset blir leia av trente og godkjende kursleiarar. 
  • Alle påmeldte blir kalla inn til ein ein forsamtale, for å sikre riktig kurstilbod til den enkelte.
  • Kurset går over 10 samlingar, kvar samling er på 2,5 timar. 
  • Det er vanlegvis 8–12 deltakarar på kvart kurs. 
  • Kursboka, Kurs belastningsmestring, er obligatorisk og blir brukt aktivt gjennom heile kurset.

 

Tid og stad

Oppstartsdato for kurset er tysdag den 22. april, og har vidare kursdatoar kvar tysdag i veke 17-24, og i veke 35 og 37.

  • Tidspunkt: Kl 13.00-15.30
  • Stad: Norborgstova i Norborghallen, Søvik

Pris

Kursavgift er kr 650,- . Dette dekker kursmateriell, det er ingen andre kostnadar. Deltakarane får tilsendt faktura.

Påmelding og informasjon

Påmeldingsfrist er den 20. mars 2025. For påmelding, eller ved spørsmål, kan kontakte ein av kurshaldarane våre: