Haram kommune søker lærlingar

I 2026 skal Haram kommune tilsette totalt 8 nye lærlingar innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget og helsearbeidarfaget. Er du ein av dei vi søker etter?

Søknadsfrist for alle stillingane er 1. mars 2026.

Kva kan vi tilby deg som læring i Haram kommune?

Som lærling i kommunen er du midlertidig tilsett,  og har same rettigheiter og plikter som andre tilsette. Du får lønn under utdanninga di, og kompetanse som kan gi deg moglegheiter vidare i arbeidslivet, eller kvalifisere deg for høgare utdanning. 

Målet er at alle lærlingane våre skal få ei interessant og spennande læretid ute i tenestene. Du får oppfølging av opplæringskontoret og dyktige instruktørar ute på arbeidsplassen. Saman skal vi sørge for at du får nødvendig kunnskap og kompetanse for å gå opp til fagprøve i faget ditt.

Kven kan søke om læreplass hos oss?

Du kan søke læreplass hos oss dersom du er elev med

  • oppfølging av opplæringskontoret NÅOPP
  • to år på utdanningsprogram på Helse-og oppvekstfag 
  • bestått i alle fag
  • lite fråvær 

Fem gode grunnar til å bli lærling i Haram kommune

  • Vi kan tilby trivelege arbeidsplassar med godt arbeids- og læringsmiljø.
  • Du vil få lønn under opplæringa og vere midlertidig tilsett i to år. 
  • Vi har gode fagmiljø med dyktige faglege leiarar og instruktørar.
  • Som lærling i Haram kommune vil du få tilbod om kursdagar og samlingar med  
    andre lærlingar. 
  • Vi håpar også å få ha deg som kollega når du er ferdig med fagbrevet!

Kort om barne- og ungdomsarbeidarfaget

I barne- og ungdomsarbeidarfaget jobbar du i barnehage, skule og SFO og får ta del i kvardagen til barn og unge. I læretida er du eitt år i barnehage og eitt år i skule/SFO.

Her finn du meir informasjon om læreplassen og kvalifikasjonskrav for stillingane

Kort om helsearbeidarfaget 

Helsefagarbeidaren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og omsorgstenesta. Læreplassane er i institusjonar og ulike omsorgs- og behandlingstilbod som kommunen har. Gjennom arbeidet får du ta del kvardagen til pasientar og heimebuande tenestemottakarar. 

Her finn du meir informasjon om læreplassen og kvalifikasjonskrav for stillingane

Din tur no!

Sjå Nordre Ålesund Opplæringskontor sin film “Din tur no! - Brev til ein læring”:

Har du spørsmål?

Om det er noko du lurer på rundt stillingane eller det å søke om læreplass, må du ikkje nøle med å ta kontakt.

Kontaktpersonar i Haram kommune

Kontaktperson ved Nordre Ålesund Opplæringskontor