Haram kommune søker lærlingar

I 2025 skal Haram kommune tilsette totalt 10 nye lærlingar innanfor ernæringskokkfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget og helsearbeidarfaget. Er du ein av dei vi søker etter?

Ung kvinne sit på huk ved vasskanten. To barn sit med ryggen til ved sidan av henne - Klikk for stort bileteKatrine Hove trivst godt i jobben ved Søvik barnehage. Snart skal ho ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Søvik barnehage

Ei av dei som har vore lærling i Haram kommune dei siste to åra, er Katrine Hove. Ho har hatt læretida si i Søvik barnehage, og kan sjå tilbake på ei fin og lærerik tid der.

 -  No nærmar lærlingtida mi seg over, og eg skal snart ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, fortel Katrine. - Eg har stort sett vore i barnehagen, men har også vore ein liten periode ved Søvik skule der eg jobba både inne i klasserommet og ved SFO.

Katrine synest det å jobbe som lærling i barnehage både er givande og utfordrande, og fortel om ein variert arbeidskvardag.

 - Som lærling i barnehagen er du ein viktig og sentral vaksenfigur i barna sine liv.  Jobben inneber mykje samhandling med barn i ulike aldrar,  og du får vere med på støtte den sosiale, emosjonelle og kognitive utviklinga deira. 

 - Ein vanleg arbeidsdag kan starte med å møte barna om morgonen, hjelpe dei med å tilpasse seg barnehagekvardagen og legge til rette for leik og læring. Det er elles varierte arbeidsoppgåver i løpet av ein dag. Det kan vere alt frå å planlegge aktivitetar, rettleie barna i sosiale situasjonar,  observere og dokumentere utviklinga deira, til å delta aktivt i utandørsaktivitetar og skape trygge og stimulerande omgivelsar for dei små.

Når vi spør Katrine kva ho synest har vore det beste med læretida, er ho ikkje i tvil:

 - Ei av dei største belønningane med å jobbe i barnehage er å få sjå korleis barna veks og utviklar seg, og korleis dei lærer nye ferdigheiter og bygger relasjonar med andre. Det er givande å få vere ein støtteperson, og vite at du har ei positiv innvirkning på liva og framtida deira.
 

Kva kan vi tilby deg som læring i Haram kommune?

Som lærling i kommunen er du midlertidig tilsett,  og har same rettigheiter og plikter som andre tilsette. Du får lønn under utdanninga di, og kompetanse som kan gi deg moglegheiter vidare i arbeidslivet, eller kvalifisere deg for høgare utdanning. 

Målet er at alle lærlingane våre skal få ei interessant og spennande læretid ute i tenestene. Du får oppfølging av opplæringskontoret og dyktige instruktørar ute på arbeidsplassen. Saman skal vi sørge for at du får nødvendig kunnskap og kompetanse for å gå opp til fagprøve i faget ditt.

Kven kan søke om læreplass hos oss?

Du kan søke læreplass hos oss dersom du er elev med

  • oppfølging av opplæringskontoret NÅOPP
  • to år på utdanningsprogram på Helse-og oppvekstfag 
  • bestått i alle fag
  • lite fråvær 

Fem gode grunnar til å bli lærling i Haram kommune

  • Vi kan tilby trivelege arbeidsplassar med godt arbeids- og læringsmiljø.
  • Du vil få lønn under opplæringa og vere midlertidig tilsett i to år. 
  • Vi har gode fagmiljø med dyktige faglege leiarar og instruktørar.
  • Som lærling i Haram kommune vil du få tilbod om kursdagar og samlingar med  
    andre lærlingar. 
  • Vi håpar også å få ha deg som kollega når du er ferdig med fagbrevet!

Kort om barne- og ungdomsarbeidarfaget

I barne- og ungdomsarbeidarfaget jobbar du i barnehage, skule og SFO og får ta del i kvardagen til barn og unge. I læretida er du eitt år i barnehage og eitt år i skule/SFO.

Du finn meir informasjon om læreplassen og kvalifikasjonskrav for stillingane her: 

Kort om helsearbeidarfaget 

Helsefagarbeidaren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og omsorgstenesta. Læreplassane er i institusjonar og ulike omsorgs- og behandlingstilbod som kommunen har. Gjennom arbeidet får du ta del kvardagen til pasientar og heimebuande tenestemottakarar. 

Du finn meir informasjon om læreplassen og kvalifikasjonskrav for stillingane her:

Kort om ernæringskokkfaget

Ernæringskokkar lagar mat ved storkjøkken og institusjonar, basert på kunnskap om ernæring, kosthald og helse. Arbeidsoppgåvene til ernæringskokkar er stort sett dei same som for restaurantkokkar. Den største forskjellen er at ernæringskokken har kunnskapar om tillaging og servering av spesialkost. 

Du finn meir informasjon om læreplassen og kvalifikasjonskrav for stillingane her:

Søknadsfrist for alle stillingane er 1. mars 2025.

Din tur no!

Sjå Nordre Ålesund Opplæringskontor sin film “Din tur no! - Brev til ein læring”:

Har du spørsmål?

Om det er noko du lurer på rundt stillingane eller det å søke om læreplass, må du ikkje nøle med å ta kontakt.

Kontaktpersonar i Haram kommune

 

Kontaktperson ved Nordre Ålesund Opplæringskontor