Kommunen treng fleire bustader med eitt, to eller inntil tre soverom. Bustadene må vere i nærheita av helsetenester og kollektivtransport.
Kva er ein tilvisingsavtale?
Ein tilvisingsavtale er meint for husstandar med ulik grad av behov for oppfølging frå kommunen, og
- er ein avtale og eit samarbeid mellom kommunen og privat utleigar
- gir kommunen tilvisingsrett til bustadene i minst 20 år
- gir moglegheit til lån og tilskot frå Husbanken
Ein tilvisingsavtale gir kommunen rett til å tilvise bustadsøkarar til bustader som er omfatta av avtalen. Bustadeigar inngår deretter leigeavtale med den einskilde bustadsøkar. Kommunen er ikkje bunden av ein leigeavtale og er ikkje økonomisk part i leigeforholdet. Dersom kommunen ikkje har aktuell bustadsøker, kan bustaden leigast ut på den opne marknaden i samsvar med vilkår og fristar som er gitt i avtalen.
Gjennom ein slik langsiktig avtale har kommunen rett til å tilvise vanskelegstilte personar og familiar til inntil 40 % av bustadane, i eit prosjekt i minst 20 år.
Sjå husbanken.no for nærare informasjon om utleigebustadar med tilvisingsrett
Krav til utleigeselskap
Desse reglane gjeld for profesjonelle utleigarar, som skal inngå tilvisingsavtale med kommunen og søke lån frå husbanken:
- Utleigar har som føremål å eige, forvalte og leige ut bustadar til personar etter avtale med kommunen.
- Utleigar inngår ein samarbeidsavtale med kommunen.
- Husleigekontrakter skal utformast etter husleigelova.
- Utleigar aksepterer NAV-garanti som depositum.
- Leigetakare som ikkje blir tilvist frå kommunen får tilbod om minimum 5 års leigekontrakt.
- Utleigar kan tilby bustader i fleire ulike prosjekt.
- Utbyggar må sjølv skaffe tomter til prosjekta sine.
Dokumentasjon frå tilbydar
Tilbodet må innehalde følgjande dokumentasjon:
- Skildring av utleigeselskapet
- Firmaattest
- Skatteattest nyare enn 6 månader
- Plan, snitt og fasadeteikningar av utleigebygg
- Situasjonsplan
Ved val av aktør / prosjekt vil vi vektlegge:
- Skildring av utleigeselskapet
- Plan for forvaltning av bebuarar og bumiljø
- Nivå på husleige
- Kvalitet- og bustadstandard
- Tidspunkt for ferdigstilling
- Livsløpsstandard ved nybygg
- Nærheit til helsetenester og kollektivtransport
All innsendt dokumentasjon frå tilbydarar vil bli behandla konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.
Frist for å sende inn tilbod
Tilbod vert vurderte fortløpande, men må vere mottatt av Haram kommune innan 03.12.2025.
For meir informasjon, ta kontakt med kommunalsjef Kristin Fjeld Eiken eller rådgivar Nikolai Jensen Brunstad