Haram kommune markerer Eigenberedskapsveka 2024

Eigenberedskapsveka er eit landsomfattande, årleg arrangement som har som mål å auke bevisstheita til kommunen sine innbyggarar rundt eigenberedskap i kriser.  

I mai 2024 vart det lansert oppdaterte eigenberedskapsnivå, der dei største endringane samanlikna med råda som kom i 2018, er:

  • Varigheit på eigenberedskapen aukar frå tre dagar til ei veke
  • Meir detaljerte råd kring tema som kritisk medieforståelse og opphaldsstader under kriser
  • Felles eigenberedskap og psykisk helse i kriser
To damer held ei kasse mellom seg. Plakatar i bakgrunnen - Klikk for stort bileteI veke 44 kan du vinne ei beredskapsmatkasse om du deltar i konkurransen på tenestehuset! Haram kommune

Utstilling og konkurranse på tenestehuset

I Haram kommune markerer vi Eigenberedskapsveka blant anna ved å ha utstilling på tenestehuset i Brattvåg. Utstillinga viser kva dei nasjonale råda anbefaler at du bør ha for å kunne klare deg i ei veke dersom ei krise skulle ramme. Utstillinga kjem også til å ha brosjyrar tilgjengeleg på både norsk og engelsk, utarbeida av Direktoratet for Samfunnssikkerheit og Beredskap (DSB). I tillegg vil det også vere mogleg å delta på ein konkurranse der ein kan vinne ei beredskapsmatkasse.

Informasjon på nettsidene og Facebook-sida til kommunen vil også vere ein viktig del av markeringa vår. 

Brosjyre i posten

Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober. I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle landets husstandar få ei brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser.  

Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjere.  

-Det er veldig viktig at innbyggarane våre er bevisst dette temaet, seier ordførar Vebjørn Krogsæter.  

- Dersom det skulle oppstå ei krise der vi som kommune får utfordringar med å levere tenestene våre som normalt, er vi nødt å prioritere dei som ikkje greier seg sjølv først. I ein slik situasjon vil det bli avgjerande at dei som kan klare seg sjølve, er førebudd på det. 

-Som ordførar oppfordrar eg difor alle innbyggarar til å lese brosjyren og styrke eigenberedskapen sin, avsluttar han.

Om eigenberedskapsråda 

Eigenberedskapsråda som blir presentere i brosjyren, blei oppdaterte i 2024. Dei blei lansert på nettsida sikkerhverdag.no i mai.  

Hensikta med råda er at ein skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.

Bakgrunnen for oppdaterte råd er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrefter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si  avhengigheit av straum, vatn og mobilnett. 

Her kan du lese meir om eigenberedskapsråda frå DSB