Haram frivilligsentral søker medlemmar til rådgjevande organ

Haram frivilligsentral skal ha eit rådgjevande organ som skal fungere som ein støttefunksjon for frivilligsentralen. 

Kan ditt lag eller din organisasjon hjelpe oss med finne gode representantar til organet for frivilligsentralen vår? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Kvifor treng vi eit rådgivande organ?

I 2022 kom Regjeringa med ei ny forskrift for frivilligsentralar. Ei av endringane i denne forskifta er at det ikkje lengre er krav om eit styre, men frivilligsentralen skal ha eit rådgivande organ. I dette organet skal frivilligheita vere representert.  

Det rådgivande organet for Haram frivilligsentral skal ha 2 representantar frå frivillige lag og organisasjonar.  I tillegg vil det ha representasjon frå dei folkevalde, kommuneadministrasjonen og frå idrettsrådet.

Kva inneber det å vere med i det rådgivande organet?

I tillegg til å vere ein støttefunksjon, skal det rådgivande organet drøfte og utveksle informasjon om frivillig arbeid knytt til lokalsamfunnet og frivilligsentralen.

Organet skal ha 2-4 møte i året. Det skal også vere medarrangør til frivilligforum, som er ei årleg samling for frivillige lag og organisasjonar, kommune og eventuelt andre aktørarar. 

Kven kan melde seg til vervet?

Vi vil gjerne at frivilligheita sjølv sender inn forslag til medlemmar i det rådgivande organet for Haram frivilligsentral.

Alle lag og organisasjonar kan foreslå eigne medlemmar som representantar. Helst ønsker vi at kandidaten er leiar eller styremedlem i laget/organisasjonen hen er medlem av, men det er ikkje eit krav.  

Dersom vi får inn mange forslag til kandidatar, vil ein i første møtet i det rådgivande organet utnemne dei to frivillige representantane. Normalt vil val av medlemmar til organet bli gjort under frivilligforum.

Korleis sende inn forslag til kandidatar?

Dersom du eller laget/organisasjonen din ønsker å fremme forslag om ein kandidat, kan dette sendast på e-post til frivilligkoordinator Ingvild Haram. Vi treng å vite namn på og kontaktinformasjon for kandidaten, og kva lag/organisasjon han eller ho representerer.

Fristen for å kome med forslag er den 14.06.24 kl 12.00.

Send inn kandidatforslag