Marte Sletten frå Av-og-til, ordførar Vebjørn Krogsæter og koordinator Camilla Longva Larsen er glade for at Haram no er ein Av-og-til-kommune
Haram kommune
Kommunen forpliktar seg dermed til å jobbe målretta med å førebygge negative konsekvensar av alkohol. Marte Sletten frå Av-og-til var på besøk under signeringa.
– Vi er takksame for at vi har fått Haram kommune med på laget. Kommunen møter folk der dei er, og gir oss høve til å drive god alkoholførebygging lokalt. Eg trur vi kan få til mykje spennande saman med Haram, seier ho.
Kommunen blir ein av 67 kommunar som jobbar saman med Av-og-til for å redusere dei negative konsekvensane av alkohol i samfunnet.
Avtalen vart signert av Marte Sletten frå Av-og-til og ordførar Vebjørn Krogsæter
Haram kommune
Betre å førebygge enn å reparere
Ordførar Vebjørn Krogsæter ser også fram til vidare samarbeid.
– Å bli bevisst på kva som skal til for å gjere eit godt førebyggande arbeid er viktig for dei som arbeider i tenestene våre, seier han. – Vi får no tilgang til både kunnskap og godt materiell som vi kan bruke til å påvirke og informere både unge og vaksne til å ha eit fornuftig forhold til alkohol.
Av-og-til retter søkelyset mot situasjonar der alkohol utgjer ein særleg risiko eller kan vere til ulempe for andre – som samvær med barn, arbeidsliv, idrett, og trafikk.
Ein tryggare kvardag for alle
Av-og-til-koordinator i Haram, Camilla Longva Larsen, ser fram til eit nært og godt samarbeid med organisasjonen.
– Avtalen vår med Av-og-til vil styrke det førebyggande rusarbeidet vi har lokalt, og mellom anna innebere at vi kan delta i og dra nytte av nasjonale informasjonskampanjar om alkohol, fortel ho.
Framover vil kommunen og Av-og-til jobbe saman for å førebygge og redusere alkoholskader, og gjere kvardagen tryggare for alle.
I godt selskap
Haram er ein av seks Av-og-til-kommunar i Møre og Romsdal, mellom anna er Ålesund kommune og Ulstein kommune óg med i nettverket.
Fakta om Av-og-til
- Jobbar med haldningsskapande arbeid for godt alkovett i samfunnet.
- Arbeidet er retta mot situasjonar der alkohol utgjer ein særleg risiko eller kan vera til ulempe for andre.
- Bak Av-og-til står politiske parti, faglege- og frivillige organisasjonar.
- Det er gratis å vere ein Av-og-til-kommune. Kommunane får tilgang til ressursar og kampanjemateriell om alkovett.
Les meir om Av-og-til her: www.avogtil.no
Kontakt