Har du ledig bustad til flyktningar?

Haram kommune treng fleire utleigebustader til flyktningar. For å kunne busette alle som har behov, ber vi om di hjelp.

Nøkkel med nøkkelring i et hus form i døren nøkkelhullet - Klikk for stort bileteNøkkelring med hus Shutterstock

Haram kommune har stort behov for fleire utleigebustader til flyktningar. Kommunestyret har vedteke å ta imot opptil 40 flyktningar i 2025, og samstundes at busettinga skal vere spreidd i heile kommunen.

For å sikre dette, treng vi bustader i alle delar av Haram. Vi ber difor om di hjelp til å finne gode utleigebustader, anten du har ein heil bustad, ein hybel- eller ei sokkelleilegheit tilgjengeleg. 

Det er spesielt behov for bustad til einslege og små familiar.

Dette treng vi

Bustadane vi er på utkik etter må oppfylle nokre kriterium og må ha:

  • Eigen inngang
  • Rom godkjend til opphald (brannsikring, rømingsvegar, dagslys m.m.)
  • Kjøkken, opphaldsrom, bad og soverom
  • Internett

Slik melder du inn

Har du ein ledig bustad som passar med kriteria over? Då vil vi gjerne at du gir oss beskjed ved å nytte det digitale registreringsskjemaet vårt.

Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen. Dersom det vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta.

Her kan du registrere utleigebustad

Økonomisk støtte

  • Leigeavtalen vert inngått mellom utleigar og leigetakar, men kommunen stiller depositumsgaranti.
  • Flyktningar som vert busett etter avtale med IMDi, har i utgangspunktet ansvar for å betale husleiga sjølve. Dei kan søke sosialhjelp dersom dei ikkje har midlar til å dekke utgifter.
  • Når flyktningane startar i introduksjonsprogrammet, får dei økonomisk støtte og kan betale husleiga sjølve. Dei kan også søke om bustøtte.

Kontaktinformasjon

Dersom du skulle ha spørsmål kan desse kontaktast: