Har du forslag til Fylkeskulturprisen 2025?

Kjenner du nokon som har lagt ned ein spesiell innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal? Då kan du nominere den eller dei til Fylkeskulturrisen 2025. Fristen er 1. setember.

Kven kan få prisen?

Prisen skal heidre stor innsats for kulturlivet i fylket og kan gå til ein person, gruppe av personar,
lag eller organisasjonar som

  • høyrer heime i fylket
  • har sterk tilknyting til fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping
     

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og
vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.


Prisen

Prisen er eit diplom og 50 000 kroner. Fylkeskulturprisen blir delt ut på fylkestinget i desember.

Har du eit forslag?

Meld inn din kandidat med grunngjeving i skjemaet, innan 1.september. Skjemaet finn ein på
denne lenka: Fylkeskulturprisen - Møre og Romsdal fylkeskommune