Allereie før vallokala opna hadde over 40% av innbyggarane våre med stemmerett gjort unna stemmegivinga. Likevel var oppmøtet på sjølve valdagen godt, og totalt enda valdeltakinga på 81,9 % i Haram kommune. Det er litt over landsgjennomsnittet.
Takk til alle som bidrog til gjennomføringa
Å gjennomføre eit val krev mykje planlegging og tilrettelegging, og hadde ikkje vore mogleg utan alle dei dyktige og engasjerte valmedarbeidarane våre.
Vi vil difor rette ein stor takk til alle som stilte opp og gjorde ein framifrå jobb på måndag! Ei god blanding av erfarne og nye medarbeidarar sørga for ei ryddig og effektiv gjennomføring i alle dei fire vallokala våre.
Vi vil også seie takk til alle som brukte stemmeretten sin, - anten i førehandsstemmeperioden eller på sjølve valdagen. Det var ekstra kjekt å møte veljarar i alle aldrar – frå dei yngste som stemte for aller første gong, til dei eldste som har lang erfaring med å bruke stemmeretten sin.
I Brattvåg traff vi mellom andre førstegongsveljar Nicolay Kåven (18) – og Kirsti Ryste (101) og Betty Lunde (102), som har vore med på mange, mange val gjennom livet.
Ei fin påminning om at demokratiet vårt er for alle – uansett alder.
Sjå resultat frå valet på valgresultat.no