Over 70 personar deltok og nesten 40 lag og organisasjonar i kommunen vår var representerte.
Møtet vart innleia av ordførar Vebjørn Krogsæter, før kommunalsjefane orienterte om sine tenesteområde og deira behov for samhandling med frivilligheita. Frivilligkoodinator Ingvild Haram gav dei frammøtte ei lita innføring i bruk av kommunen sin aktivitetskalender Friskus, og samfunnsplanleggar Maren Bringsvor fortalde om arbeidet med samfunnsplanen for Haram kommune.
Workshop med samarbeid som tema
Siste timen var sett av til ein workshop, der møtedeltakarane gruppevis diskuterte korleis frivilligheita og kommunen kan arbeide saman for at Haram skal vere ein god kommune å bu i.
Tusen takk for oppmøtet, og for gode tankar og innspel som kan bidra til utvikling og vekst både i kommunen og i frivilligheita. Og ikkje minst:
TAKK for arbeidet de legg ned for lokalsamfunna våre, jobben de gjer betyr mykje for mange!