«Fosterhjemsuka» er ei veke med ulike arrangement rundt omkring i landet, om det å vere ein fosterheim. Fosterhjemsuka blir arrangert av Bufetat, Barne- og familieetaten i Oslo og Bufdir.
Når eit barn treng eit nytt kapittel i livet, leitar kommunane og fosterheimstenestene i nærmiljøet først. Å måtte flytte kan vere dramatisk, og det å bytte skule, fotballag og få nye venar kan vere ei ekstra belastning. Vi håpar at flest mogleg kan reflektere over om dei kan vere fosterheim dersom eit barn i nærmiljøet treng det.
Fleire av barna som treng fosterheim, har minoritetsbakgrunn. Vi søker også fosterheimar som forstår betydninga av å bevare kultur og tradisjonar. Dette gjer overgangen til en ny kvardag enklare for barnet.
Mange av dei som vurderer å bli fosterheim, har tenkt på det lenge, ofte i fleire år. Å delta på et arrangement under Fosterhjemsuka vil forhåpentlegvis gi deg informasjon og inspirasjon som gjer valget enklare.
Kva arrangement kan du delta på?
Hedvig Montgomery
Ida Bjørvik
>> 8. april 20.00 - 20.45 - Digital sofaprat med Hedvig Montgomery
Korleis kan vi forstå barna sine behov, møte dei med tryggheit og bygge sterke relasjonar? Psykolog og familieterapeut Hedvig Montgomery deler innsikt og verktøy som kan styrke deg i rolla som fosterforelder.
Meld deg på digital sofaprat med Hedvig Montgomery
>> Digitale informasjonsmøte om fosterheim
Dette møtet er for deg som er nysgjerrig på korleis det er å vere fosterheim. Her kan du stille spørsmål om alt du lurer på.
Meld deg på informasjonsmøte om fosterheim 7. april kl 18.00-19.00
Meld deg på informasjonsmøte om fosterheim 29. april kl 20.00-21.00
>> Lunsjtreff, ein sofaprat om fosterheim - Molde
Bli med på ein inspirerende og lærerik ettermiddag der du får moglegheita til å høyre ekte historier frå både fosterforeldre og nokon som har vakse opp i ein fosterheim.
Dette er ein unik sjanse til å stille spørsmål og få innsikt i korleis du kan bidra til å gi barn ein trygg og kjærleg oppvekst.
- Tid: 5. april kl 14.00 - 16.00
- Stad: Molde, Scandic Seilet hotell
Meld deg på lunsjtreff i Molde 5. april