Forslag til handlings- og økonomiplan for Haram kommune er lagt fram

I dag har kommunedirektør Anders Norvald Hammer lagt fram sitt forslag til handlings- og økonomiplan for Haram for dei neste fire åra. Dei hovudtillitsvalde vart orienterte om planen i møte kl 10.30, deretter vart den presentert for Haram formannskap i deira møte som starta kl 12.00.

-Det er med stor glede eg legg fram Handlings- og økonomiplan 2025-2028 for Haram kommune. 

Slik innleier kommunedirektør Anders Norvald Hammer planen han no legg fram.  Han fortset:

Mann står ved ein informasjonsskjerm - Klikk for stort bileteKommunedirektør Anders Norvald Hammer Haram kommune

-I det første driftsåret for den nye kommunen er det lagt ned store ressursar for å sikre gode tenester til innbyggarane. Det er brukt ressursar for å bygge opp naudsynte strukturar og system som skal til for å drifte ein kommune. Vi er komne langt på veg, men framleis står det att eit godt stykke arbeid og ein betydeleg grad av usikkerheit før vi kan konkludere med at jobben er gjort, tenestene er bygd opp igjen, og oppgjeret med Ålesund er i mål.

Håp i dyrtid

Det er dyrtid i Noreg, og kommunar over heile landet slit med å halde eit forsvarleg driftsnivå. Dette gjeld også for Haram. I løpet av det siste året har vi både måtta gjort strukturelle grep innan skulesektoren, og redusert tilbod om institusjonsplassar for å kome på eit nivå som er tilpassa innbyggartalet i kommunen. Sjølv etter at desse tiltaka er gjort, har kommunen framleis eit for høgt driftsnivå samanlikna med inntektsgrunnlaget.

Kommunedirektør Hammer ser likevel lyst på dei komande åra:

-I juni vedtok Stortinget nytt inntektsfordelingssystem for kommunane i Noreg. Dette gir Haram kommune betydeleg høgare inntekter. Det gjer at det er fullt mogleg å gjere Haram kommune økonomisk berekraftig i den komande økonomiplanperioden, på tross av dyrtid og høge renteutgifter.

Vidare prosess

Forslag til handlings- og økonomiplan for perioden 2025-2028 er no publisert og presentert for formannskapet, som skal behandle saka i sitt møte den 19. november. Deretter skal planen ligge ute til offentleg ettersyn i 14 dagar,  og behandlast i kommunen sitt arbeidsmiljøutval og i dei folkevalde råda.

Endeleg handlings- og økonomiplan skal vedakast i Haram kommunetyre den 12. desember 2024.

Her kan du lese forslaget til handlings- og økonomiplan for 2025-2028