Forslag til handlings- og økonomiplan for 2026-2029 er publisert

I dag har kommunedirektøren lagt fram sitt forslag til handlings- og økonomiplan for Haram for dei neste fire åra. 

 - I all hovudsak vil denne handlings- og økonomiplanen vere prega av krevjande økonomiske rammevilkår.

Slik innleier kommunedirektør Anders Norvald Hammer planen som no er publisert.  Han fortset:

 - Det er likevel verd å starte med at Haram kommune leverer eit godt tenestetilbod til innbyggarane sine. Kommunen har i stor grad lukkast med å rekruttere nødvendig kompetanse og dei tilsette leverer gode tenester under krevjande økonomiske forhold. For å ta vare på og vidareutvikle tenestene, er det viktig å sikre den økonomiske handleevna. Dette er avgjerande dersom organisasjonen også i framtida skal vere ein attraktiv arbeidsplass som leverer gode tenester til innbyggarane.

Krevjande økonomiske rammer

Planen som er lagt fram viser at kommunen står i ein krevjande økonomisk situasjon, og det er sannsynleg at ein går mot eit negativt netto driftsresultat også dette året.  Om ein skal oppnå eit minimum av økonomisk handlingsrom for framtida er det i følge kommunedirektør Hammer nødvendig å auke inntektene. Eit av dei foreslåtte tiltaka er å auke eigedomsskatten.

 - Eg har prøvd i det lengste, i tråd med politiske signal, å finne løysingar som ikkje inneber å auke eigedomsskatten. I budsjettforslaget er det ikkje mogleg å unngå dette om ein skal kunne ha forsvarleg drift og til ein viss grad halde på økonomisk handlingsrom, skriv kommunedirektøren i innleiinga på planen.

Vidare prosess

Forslag til handlings- og økonomiplan for perioden 2026-2029 skal presenterast for formannskapet i ei orientering i deira møte den 11. november. Formannskapet skal vidare behandle sak om budsjett, og handlings- og økonomiplan i møte den 25. november. Deretter skal planen ligge ute til offentleg ettersyn i 14 dagar,  og behandlast i kommunen sitt arbeidsmiljøutval og i dei folkevalde råda.

Endeleg handlings- og økonomiplan skal vedtakast i Haram kommunetyre den 11. desember 2025.

Her kan du lese forslaget til handlings- og økonomiplan for 2026-2029