Haram formannskap var invitert til å ta del når regnbogeflagget vart heist ved Haram tenestehus.
Haram kommune
Flagget vil henge oppe i perioden Ålesund Pride vert markert, fram til og med 15. juni.
Kommunedirektør Anders Norvald Hammer og ordførar Vebjørn Krogsæter stod for flaggheisinga.
Haram kommune
Ein kommune med plass til alle
Ordførar Vebjørn Krogsæter og kommunedirektør Anders Norvald Hammer stod for sjølve flaggheisinga, og formannskapet var invitert til å delta i markeringa.
-Ved å heise regnbogeflagget ønsker vi å signalisere at Haram skal vere ein kommune med plass til alle, seier ordførar Vebjørn Krogsæter. - Vi skal vere inkluderande og støtte opp om innbyggarane våre, uansett kjønn, orientering, etnisitet eller religion.
Mangfald og likeverd – også på jobb
Også kommunedirektør Anders Norvald Hammer meiner det er viktig at kommunen er med på ei slik markering.
-For oss er det fargerike flagget eit symbol på mangfald, inkludering og likeverd.
- Dette er verdiar samfunnet vårt må ha fokus på, og dei er også viktige stikkord for kommunen som arbeidsgivar, seier han. - Haram kommune skal vere ein trygg og raus arbeidsplass for alle tilsette. Vi skal ha eit arbeidsmiljø der kvar og ein kan kjenne seg respektert og verdsett for den dei er.
Vi heiar på mangfald og eit fargerikt fellesskap, - lat oss saman bidra til eit trygt samfunn, der alle kan få vere seg sjølv og elske den ein vil!