I barnehageåret 2024-2025 skal dei 9 barnehagane i Haram drive felles utviklingsarbeid. Arbeidet skjer i samarbeid med pedagogisk fagsenter, barnehagemyndigheit og kommunalsjef for barnehage og skule. Prosjektet blir gjennomført i partnarskap med Høgskulen i Volda, og andre viktige bidragsytarar er mobbeombodet i Møre og Romsdal og Dysleksi Norge.
Å høyre til
Tittelen på utviklingsarbeidet er inspirert av diktet Å høyre til, som er skrive av Jan-Magnus Bruheim.
Frå venstre: Lisbeth Farstad fra Utigarden barnehage, Ragnfrid Vidnes Haram fra Preg barnehager Brattvåg og Trine Molnes Hestetun fra Preg barnehager
Haram kommune
Vondt er av alle andre
bli trakka på og trengd.
Men vondare å veta
at du er utestengd.
Det er så mangt i livet
du ventar deg og vil.
Men meir enn det å vera,
er det å høyre til.
Tema for denne fellessamlinga var inkluderande språkmiljø, og fagøktene vart leia av Hege Holmqvist Synnes og Maja Skogstad frå Institutt for teater ved Høgskulen i Volda. Dei sette fokus på korleis ein kan tilrettelegge for eit variert og god barnehagemiljø, og korleis ein kan stimulere barn til aktiv deltaking i leik og kommunikasjon. Gjennom dei ulike øktene fekk barnehagane både reflektere over eigen praksis rundt temaet, og også delt erfaringar med andre.
Etter lunsj jobba barnehagane gruppevis med eige utviklingsarbeid.
Felles utviklingsarbeid gir felles forståing og kompetanse
At det er fordelar med å drive felles utviklingsarbeid, kjem tydeleg fram av tilbakemeldingar frå deltakarane.
Tre av dei som var til stades under fagsamlinga var Lisbeth Farstad fra Utigarden barnehage, Ragnfrid Vidnes Haram fra Preg barnehager Brattvåg og Trine Molnes Hestetun fra Preg barnehager Vatne. Alle dei tre var fornøgde med dagen, og fortel om ei god og aktuell samling.
- Temaet vart formidla på ein fin måte, og gir inspirasjon til vidare arbeid, seier dei. - Og ikkje minst bidreg slike felles samlingar til å styrke den kollektive kompetansen i barnehagane i kommunen vår.