Feil i gebyrsystem for vassmålar, - gjeld det deg?
Har du vassmålar, men ikkje fått sms med informasjon om avlesing? Då vil vi høyre frå deg!
Ein teknisk feil i gebyrsystemet vårt, har gjort at nokre huseigarar ikkje har fått sms om å melde inn avlesing av vassmålaren dei har installert på eigedomen sin.
Ta kontakt
Dersom dette gjeld deg, ber vi om at du tar kontakt med innbyggarservice for å melde inn målarstanden på vassmålaren din.
Du kan ringe oss på telefon 70 20 75 00, eller sende e-post til innbyggarservice@haram.kommune.no. Du kan også stikke innom i opningstida, som er måndag-fredag kl 09.00-14.30.
Sist endra 28.01.2025 16.30