Tove Laila-Bjerke, Eva Ulla Myren og Ingvild Haram ønsker alle ungdommar i Haram velkomen til UKM i april
Haram kommune
I 2025 var UKM tilbake i Haram igjen, og med over 100 deltakarar og 200 publikummarar i salen vart arrangementet ein suksess! No håpar arrangørane på like god oppslutning til årets UKM-fest.
Tove-Laila Bjerke, Eva Ulla Myren og Ingvild Haram er nokre av dei som står i bresjen for årets UKM Haram, og som natuleg nok ser ekstra fram til arrangementet.
- Vi er godt i gang med planlegging av UKM-arrangementet i april, og vi gler oss til at vi forhåpentlegvis igjen klarer å fylle ID-huset med song, dans, kunst og alt i mellom der, seier Eva Ulla Myren.
- Påmeldinga opnar måndag den 26. januar, det er berre å hive seg med!
Kva er UKM?
UKM står for Ung Kultur Møtast, og skal gi ungdom mellom år ein plass å vise fram det dei driv på med! Rockeband, dikt, trylling, triksing, song, hip-hop, dans, folkedans, teater, handarbeid, foto, design, - kan det visast fram på ei scene eller ei utstilling kan du delta på UKM! Du kan delta åleine, i lag med ein venn, eller i ei gruppe.
- UKM er ein plass for å møte andre, ha det gøy, få inspirasjon, bli trygg, og øve seg på å stå på ei scene eller delta på ei utstilling, seier Ingvild Haram. - Ingenting er for bra eller dårleg til å delta!
- I Haram er påmeldinga open for ungdom mellom 10-20 år. Alle som deltar vil få tilbakemelding frå eit fagpanel, med råd og tips om korleis ein kan utvikle seg, forklarar Tove-Laila Bjerke. Ho jobbar til dagleg ved Ingebrigt Davik-huset, og er koordinator for UKM Haram.
- Nokre bidrag vil bli valde ut av fagpanelet til å representere Haram på ein fylkesfestival for Møre og Romsdal. Deltakarar som skal delta i fylkesfestivalen må fylle 13 år i 2026.
UKM-damene vil likevel gjerne ha med deltakarar under 13 år i det lokale arrangementet, og er heilt einige i Ingvild sin kommentar: - For oss er alle deltakarane like viktige.
Bli med på forestilling, utstilling eller som ung arrangør!
UKM Haram 2025 går altså av stabelen på Ingebrigt Davik-huset laurdag den 18. april. Då får deltakarane vise seg fram både frå scena og i utstilling.
Driv du på med noko som kan stillast ut i ei utstilling eller visast fram på ei scene? Meld deg på UKM og vis kva du kan!
Om har du ikkje lyst til å vise fram noko på scena, kan du melde deg på som ung arrangør.
- Vi vil gjerne ha med ungdommar som teknikarar, konferansierar og fotografar/filmskaparar, fortel Tove-Laila. Alle som melder seg på i desse kategoriane vil få opplæring før arrangementet, du treng ikkje å kunne noko på førehand.
Påmelding
Du kan melde deg på UKM Haram, både som deltakar eller arrangør, på nettsida til UKM Haram:
Meld deg på UKM Haram her
Dersom du har spørsmål rundt arrangementet kan du kontakte Tove Laila Bjerke på telefon 40 85 35 80 eller e-post tove.laila.bjerke@idhuset.no.
Vi gler oss til ny UKM-fest i Haram, og håpar å sjå nettopp DEG der! Velkomen skal du vere!