Ekstremvêret "Ingunn" i Haram

Onsdag 31. januar treff ekstremvêret "Ingunn" kysten vår. Haram kommune er føre var og ber deg som innbyggar om å ta alle forholdsreglar.  

Det er venta lokalt ekstreme vindkast som kan gi store materielle skader og det er fare for liv og helse. Haram kommune tar derfor føre var-avgjerd framfor å ta unødvendige sjansar, og set inn følgande tiltak:  

  • Det blir ikkje undervisning i barne- og ungdomsskulane i Haram onsdag. Skulane og SFO kjem likevel til å vere opne for dei som treng det. Barnehagane er opne som normalt.  Ein kan ikkje rekne med skuleskyss på onsdag, og føresette må eventuelt sørge for forsvarleg transport av borna til og frå skulen.   
  • Haram kommune oppmodar om at fritidsaktivitetar i regi av idrettslag mv. avlysast onsdag. Kommunale bygg som blir nytta til fritidsaktivitetar blir stengt onsdag ettermiddag. 
  • Kulturskulen er ikkje open onsdag. 

Bruer kan bli stengde

For øyane er det særskilte utfordringar når ekstremvêret “Ingunn” treff oss. Det er venta at Lepsøybrua og Ullasundbrua kan bli stengt i løpet av morgondagen. Det er viktig at innbyggarane er førebudd på stenging i løpet av onsdag. 

Beredskap

Haram kommunes kriseleiing er sett i beredskap og følgjer utviklinga nøye. Ved behov vil det komme ny informasjon. Følg med på kommunen si nettside eller Haram kommune på Facebook.   

Tilrådingar

Haram kommune deler tilrådingane som nasjonale styresmakter gir. Dette er:

  • Hald dykk inne
  • Følg råd frå beredskapsmyndigheiter
  • Om du MÅ køyre, følg råd frå Statens vegvesen og sjekk vegmeldingar (175.no)
  • Følg med på Varsom.no for oppdateringar om vêrsituasjonen
  • Følg råd og sjekk status frå transportaktørar
  • Gjer heimen klar for eit potensielt lengre straumbrot
  • Behov for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar
  • Vis varsemd ved ferdsel i strandsona og på sjøen
  • På førehand vurder tiltak for å avgrense skade 

Ekstremvêret kan gi følgjande konsekvensar 

  • Det er farleg å vere utandørs, og det er venta uvanleg stor skade på bygningar, infrastruktur, skog og straumnett
  • Stor fare for innstillingar av flyavgangar, båtar og annan transport
  • Bruer kan stengjast
  • Takstein og takplater blæs av hus og bygningar
  • Mange reiser kan få mykje lenger reisetid
  • Straumforsyninga vil bli betydeleg påverka
  • Mange vegar kan bli stengt på grunn av tre eller andre objekt i vegbana
  • Snøfokk i fjellet gir redusert sikt
  • Kolonnekøyring og/eller stengde vegar er forventa
  • Høge bølger kan gi skade på infrastruktur og bygningar i strandsona  

Følg med på vêrvarselet

Her kan du sjå oppdaterte meldingar frå Meteorologisk institutt.  

Treng du å melde om feil som følgje av ekstremvêret?

Om du treng å melde om feil som gjeld veg, vatn eller avløp kan du gjere dette via meldingstenesta vår.

Meld inn feil på tekniske tenester her

Ved behov for å melde om akutt skade på kommunale vegar eller bygningar, og det hastar å kome i kontakt med oss,  kan du ringe telefonnummer 94 18 85 83