DSB
Eigenberedskapsveka er eit landsomfattande, årleg arrangement som har som har som mål å gi auka bevisstheit og kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjere både oss sjølve og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som skulle oppstå.
Alle treng likevel ikkje å gjere alt åleine. Det kan vere lurt å samarbeide med venner, familie eller naboer om eigenberedskap.
DSB
Finn ut kven du kan hjelpe – og kven du kan få hjelp av
Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. Oppdater eigenberedskapslageret ditt med ein beredskapsvenn!
Dette kan beredskapsvennar hjelpe kvarandre med:
- førstehjelp ved skader
- omsorg og støtte
- opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
- oversetting og forklaring av informasjon frå myndigheitene
- praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
- innkjøp, bering og transport
- bytte eller byttelån av utstyr og varer
- lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn din
- felles matlaging
Dette skjer i Haram
Denne beredskapsmatkassa er premie i Haram kommune sin konkurranseI Haram kommune markerer vi Eigenberedskapsveka 2025 blant anna ved å ha utstilling på tenestehuset i Brattvåg. Utstillinga viser kva dei nasjonale råda anbefaler at du bør ha for å kunne klare deg i ei veke dersom ei krise skulle ramme. Utstillinga kjem også til å ha brosjyrar tilgjengeleg på både norsk og engelsk, utarbeidd av Direktoratet for Samfunnssikkerheit og Beredskap (DSB).
I tillegg vil det også vere mogleg å delta i ein konkurranse der ein kan vinne ei beredskapsmatkasse. Kanskje kan den vere starten på det som blir ditt eige beredskapslager?
I år er også Brattvåg Røde Kors med som samarbeidspartar, og laurdag den 1. november vil dei stå på stand ved Coop Prix Søvik mellom klokka 11.00 og 15.00. Her vil du kunne sjå den same utstillinga som på tenestehuset, få eit eksemplar av DSB sin brosjyre med eigenberedskapsråd, og du kan sjølvsagt også delta i konkurransen.
Informasjon på nettsidene og Facebook-sida til kommunen vil elles vere ein viktig del av markeringa til Haram kommune.
Fakta om Eigenberedskapsveka 2025
- Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar som gjeld eigenberedskap
- Målet er å auke befolkninga sin kunnskap og bevissthet, slik at flere gjer konkrete førebuingar for å kunne klare seg sjølv i éi veke
- Veka er initiert av DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak.
- Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsvenn.
- På DSB sine nettsider finn du mange gode tips om korleis du kan styrke din eigenberedskap
Sjå tips om eigenberedskap frå DSB