Målet med dei digitale møta er å gjere det enklare for foreldre å halde seg oppdatert og engasjert i barna si utvikling – frå barnehagealder til ungdomsåra.
Prosjektkoordinator Rundskue Sindre Olsen, miljøterapeut Pål Silseth og politiførstebetjent Christina Céline Fleisje i samtale med Minda Myklebust (SLT-koordinator).
Ålesund kommune
Ungdomsmiljø i fokus
Det andre møtet i rekka vart publisert den 3. juni. Temaet for møtet er ungdomsmiljø, noko som er svært aktuelt no når sommarferien nærmar seg – ei tid som kan vere sårbar for mange ungdommar. Møtet tek også opp viktige tema som rus og deling på digitale plattformer. Dette har også vore aktuelle diskusjonspunkt i foreldremøte ved ungdomsskulane i Haram kommune denne våren.
– Ungdomsmiljø kjenner ingen kommunegrenser, og difor er vi glade for at Ålesund kommune deler tilbodet om digitale foreldremøte med nabokommunane, seier SLT-koordinator Camilla Longva Larsen. - Vi oppfordrar alle med barn i barnehage- og grunnskulealder til å ta seg tid til å sjå desse møta.
I det sist publiserte møtet får ein innsikt i situasjonen blant ungdom i Ålesund, og vi får konkrete råd om korleis vi som foreldre kan møte utfordringar knytt til ungdomsmiljø, rus og digital åtferd.
Her kan du sjå Ålesund kommune sine digitale foreldremøte
SLT-koordinator Camilla L. Larsen og politikontakt Magnus Aaning Buntemeyer
Haram kommune
Trygg oppvekst i fokus
Haram kommune har som mål å vere ein trygg kommune for alle barn og unge. Gjennom det tverrfaglege samarbeidet i SLT-modellen (Samordning av lokalt rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid), jobbar kommunen aktivt for eit godt oppvekstmiljø.
– Om du er bekymra for ditt barn eller ungdomsmiljøet i nærmiljøet, oppmodar vi deg til å ta kontakt. Tidleg innsats er viktig, og det finst mange instansar som kan hjelpe, som SLT-koordinator, kontaktlærar, helsesjukepleiar eller rektor, seier Camilla Longva Larsen. - Ressursbasen i kommunen har også ein eigen ruskonsulent for ungdom, og kontaktinformasjon er tilgjengeleg via kommunen si nettside.
Gode råd til foreldre før sommarferien
De som foreldre er dei viktigaste personane i barn og ungdomar sine liv, og er dei mest verdifulle samarbeidspartnarane og støttespelarane i arbeidet med å skape trygge og gode oppvekstmiljø.
No når sommarferien nærmar seg, vil vi gjerne dele nokre oppmodingar med dykk. Det ligg mykje omsorg og kjærleik i det å sette grenser – det gir tryggleik, retning og rom for gode samtalar.
- Ver tydeleg: La ungdommen vite at dei alltid kan ringe heim – uansett kva som skjer. Ver tilgjengeleg og køyrbar dersom dei treng hjelp.
- Del uro med andre: Er du bekymra for kva ungdommane gjer i helga? Då er du neppe åleine. Ta kontakt med andre føresette – saman står vi sterkare.
- Lag ein plan saman: Snakk med ungdommen om kva dei kan gjere dersom dei møter utfordringar. Det gir tryggleik å vite at ein har ein plan.
- Vis interesse for det digitale livet deira: Spør, lytt og engasjer deg i kva dei gjer på nett. Det digitale er ein stor del av kvardagen deira.
- Skap rom for gode samtalar: Som vaksne må vi støtte barna i å seie frå dersom dei opplever noko vanskeleg. Trygg dei på at det finst hjelp å få.
- Ver synleg i nærmiljøet: Ta strategiske kveldsturar der du veit ungdom samlast. Det viser at vi bryr oss – og det kan førebygge uønskte situasjonar.
- Støtt trygge møteplassar: Ungdom treng stader å vere. Meld deg som vakt på ungdomsklubben eller andre fritidstilbod – det gjer ein forskjell.
Heilt til slutt ønsker vi å understreke at ungdommane i Haram er ein herleg gjeng! Det er ikkje alltid lett å vere foreldre, men heller ikkje å vere ungdom. Dei treng hjelp og rettleiing frå oss vaksne.
Nyttige ressursar for ungdomsforeldre
Politikontakt i Haram, Magnus Aaning Buntemeyer:
Politiet si nettpatrulje i Møre og Romsdal:
- Telefon: 112 / 02800
- Instagram
- Facebook