Det er opna for søknader til Haram vindkraftfond for 2025

I 2025 skal det delast ut inntil kr 650 000,- frå Haram vindkraftfond. Søknadsfristen er 9. mars.

Haram formannskap har oppretta eit styre som skal tildele midlane. Styret er leia av ordførar.

Kven kan søke?

Tilskot frå vindkraftfondet skal gå til samfunnsnyttige føremål i dei områda som blir påverka av vindkraftverket.
Lag, organisasjonar, foreiningar, einskildpersonar eller andre grupperingar som høyrer til det geografiske området Lepsøy, Haramsøy, Flemsøy/Skuløy og Fjørtoft kan søke om midlar.

Kva kan det søkast tilskot til?

Midlane skal i hovudsak nyttast til ulike prosjekt som vil fremje kultur, næring og ulike fritids- og friluftstilbod. Det blir normalt ikkje gitt støtte til dagleg drift av lag og organisasjonar.

I 2025 skal midlande fordelast slik:

  • Kr 200 000,- til tiltak retta mot born og unge
  • Kr 450 000,- til næringsutvikling, frilufts-, fritids- og kulturtilbod

Utdeling av midlane

Etter tildeling vert midlane overrekt ved ei formell utdeling. Dersom laget/organisasjonen eller personen som har fått tildelt midlar ikkje er til stades under utdelinga, vil midlane ikkje bli utdelt men bli omfordelt ved neste tildeling. Dette er i samsvar med gjeldande retningslinjer og i tråd med vedtak gjort av styret i Haram vindkraftfond.

Sjå retningslinjene for Haram vindkraftfond (PDF, 125 kB)

Firmalogo - vindmølle på fjell - Klikk for stort bilete

Korleis søke?

Søknad må skje via digitalt søknadsskjema.

Søk om midlar frå Haram vindkraftfond

Søknadsfrist er 9. mars 2025

Rapportering

Dei som får støtte frå vindkraftfondet skal rapportere for bruk av dei tildelte midlane. Dette kan gjerast via e-post til postmottak@haram.kommune.no.
Rapporten skal innehalde ei enkel oversikt over korleis midlane er nytta, og gjerne bilde frå prosjektet. 

Frist for å sende inn rapport er 31.12.2025.

Kontakt

Ved spørsmål rundt søknaden kan du ta kontakt med næringssjef Inger Synnøve Remme:

Inger Synnøve Remme
Næringssjef
E-post
Telefon 99 42 41 39
Mobil 99 42 41 39