I regi av Camp Nordøyane har elevane frå Haramsøy, Søvik, Brattvåg, Tennfjord og Vatne skular blitt utfordra gjennom varierte og kjekke aktivitetar. Tilbakemeldingane tyder på at minnebanken vart mange gode opplevingar rikare hos både barn og vaksne.
Kompani Nordøyane ein favoritt
– Kompani Nordøyane var veldig gøy, var tilbakemeldingane frå elevane.
Gjennom denne aktiviteten fekk elevane verkeleg kjenne på verdien av samarbeid og lagånd. Dei løyste oppdrag som å lage båre, tenne bål, kamuflere seg og få flest mogleg på laget til å ringe i bjella – utan å bli oppdaga av obersten. Kart- og kompassrebus og bygging av gapahuk på tid var også blant utfordringane dei tok på strak arm.
– For eit engasjement dei viste! Her var det maks innsats og dei lærte raskt at godt lagarbeid var det som måtte til, fortel «obersten» Odd Einar Molnes ved Camp Nordøyane.
Også dei meir disiplinerte delane som oppstilling, slutta orden og rominspeksjon vart møtt med stor iver – elevane gjekk «all in»!
Frå kajakk til fiskelykke – opplevingar i verdsklasse
På Harøya fekk elevane boltre seg i flotte fasilitetar i Røsokvika ved MAKS aktivitetssenter. Meistringskjensla over å handtere kajakk er magisk, og det var tydeleg at mange fekk ei stor oppleving på vatnet. Harøy bogeskyttarlag stilte med eit kjempeopplegg som engasjerte både treffsikre og ferske bogeskyttarar.
På Haramsøy skule og i Nordøyhallen var det full fart med Energikamp og andre kjekke konkurransar som fekk opp både pulsen og stemninga.
Prestegarden på Lepsøya fungerte som base for opphaldet. Dei naturskjønne omgjevnadene la til rette for både organiserte og meir spontane aktivitetar gjennom heile veka. Med kort veg til fjell og variert terreng, Sethsdemma med kano og fiske, Kjerstadsanden og fleire andre kortreiste perler, hadde elevane mange moglegheiter – alt innan sykkelavstand.
Eit høgdepunkt for mange var sjøturane – der dei fekk styre båt, snu teiner og fiske med stong eller snik. Og det var heller ikkje verst med fangst på fleire av turane. Ei lange som var – ja, like lang – som elevane, er noko ein hugsar! Ordføraren var òg innom leirskulen og vart med Vatne-gjengen på fisketur, det såg ut som at han kosa seg minst like mykje som elevane.
Inspirasjon for både elevar og leiarar
– Her er det tydeleg at de har truffe godt med både aktivitetane og måten de møter elevane på, meinte ordførar Vebjørn Krogsæter.
Det inntrykket delte også leiarane ved Camp Nordøyane.
– Tenk kor heldige vi er som har møtt slik flott Harams-ungdom i fem veker i vår, seier Odd Einar Molnes. Han fortel at det har vore svært inspirerande å sjå kor entusiastiske, takknemlege og flinke elevane har vore gjennom leirskuleopphaldet.
– Dei viste verkeleg MOT og guts. Det var svært mange som gjorde ting for første gong, her var det mange meistringsopplevingar.
– Det er også veldig lærerikt å møte tilsette ved dei andre skulane på tvers. Vi lærer av kvarandre og har hatt det veldig kjekt, avsluttar Molnes.
Kva er Camp Nordøyane?
Camp Nordøyane driv verdibasert inkluderingsarbeid for og med ungdom i Haram kommune. Fokus i arbeidet er “frå utanforskap til innanforskap”. Det er Haramsøy skule som driftar campen.
Camp Nordøyane har fire konsept:
- Camp Klar: Alternativ opplæringsarena for ungdom med ufrivillig skulefråvær i kommunen. Praktisk læring, meistring på ulike arenaer.
- Camp 8 – God start! : MOT- og lagbyggingscamp for nye 8. klasser i Haram og på Harøy skule.
- CN Leirskule: Leirskuleveke for 7.trinn-elevane i Haram kommune.
- CN Inspirasjon: Diverse kurs- og inspirasjonssamlingar for lærarar.